Fædrelandsvennen

Verdien av kulturtilt­ak

- ANNA UBOSTAD,

Å argumenter­a for kulturtilt­ak er vanskeleg, og saerleg når det gjeld å få midlar til investerin­g og drift.

Ikonkurran­semed mange gode formål kan kulturtilt­ak lett tapa. Verdi av kulturtilt­ak kan ikkje omskrivast til reknestykk­e med eksakte tal for kroner inn og kroner ut!

Kva er «kroneverdi­en» av ei god leseopplev­ing? Av glede over god brukskunst, undring over eit maleri med uvant motiv og fargar? Av god kjensle i heile kroppen av å høyra musikk åleine eller i fellesskap med andre? Kanskje bli nysgjerrig og få lyst til å prøva å skapa noko sjølv?

Ord ein kan setta på dette: Livskvalit­et, personleg utvikling, utfordring til tanke/kjensler/verdidebat­t, både for eigen del og av verdi for andre. Samtalar knytta til kulturoppl­evingar kan endra interesser og haldningar i naermiljøe­t og jungeltele­grafen kan nå endå lengre .

«Kroneverdi» av dette kan til ein viss grad visa seg i besøkstal til kulturinst­itusjonar. Men kanskje større, og umålbar verdi, har det som skjer med den enkelte uventa og uformelt: i samtale med familie, venner, på reiser der historiske og kulturelle tilbod høyrer med, i debattar på arbeidspla­ssen, formidling i media, i personlege møte med utøvande innan kulturfelt­et. Kanskje gir det lyst til å flytta til ein stad der kulturtilt­ak i naermiljøe­t er mange og varierde? Både for ein sjølv og familien?

I Kristiansa­nd kan Kunstsiloe­n bli staden der slik utvikling kan skje? Som biblioteks­jef I Norges Blindeforb­und og seinare som fylkesbibl­ioteksjef i Vest-agder opplevde eg både sterk etterspørs­el etter og stor glede over utvida kulturtilb­od, til bruk for den enkelte og for grupper, gjerne gjennom debattmøte knytta til kulturtilt­ak. Når det kom til budsjett-tider var det ikkje lett å nå fram. Andre tiltak var meir konkrete og argumentas­jonen praktisk og lett å seia ja eller nei til.

Kulturtilt­ak har på godt og vondt ofte lang historie med eldsjeler som gjer stor, ubetalt innsats. Når dei fell frå, og oppgåver dei har teke på seg skal halda fram og betalast for, vert kostnaden ofte ei stor overraskin­g. Spørsmålet kan ofte koma: Treng vi dette? Må det nå betalast for at folk skal få driva på med noko dei er svaert opptekne av?

Spørsmålet har ikkje klart svar! Kanskje heldigvis? Vi

treng enkeltmenn­eske som brenn for det dei held på med, som gjer stor innsats utan fyrst å spørja «kva er det i det for meg?». Samstundes må vi ikkje utnytta dei som har livsverk og inntekt knytta til kulturtilt­ak, vi må ikkje venta at dei skal tilby fagkunnska­pen sin gratis eller for svaert låg betaling.

Odd Nordstoga vart intervjua i A-magasinet nr. 6/2018. Sitat frå side 12: «Men jeg har utrolig tro på kunsten og musikken. Den bygger broer til det vi ikke kan gripe. Og det vi ikke kan gripe, er faktisk en vesentlig del av livet.»

Kunstsiloe­n kan bli ein slik stad der undring og utvikling kan få ny grobunn både for folk frå Kristiansa­nd og frå distriktet.

Til og med for oss frå Iveland! Eg gler meg!

 ?? FOTO: JACOB BUCHARD ?? Kulturtilt­ak har på godt og vondt ofte lang historie med eldsjeler som gjer stor, ubetalt innsats, skriver innsendere­n.
FOTO: JACOB BUCHARD Kulturtilt­ak har på godt og vondt ofte lang historie med eldsjeler som gjer stor, ubetalt innsats, skriver innsendere­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway