Fædrelandsvennen

Klokt og innsiktsfu­llt om å gå

- BJARNE TVEITEN

SAKPROSA «Å gå»

Erling Kagge Kagge

«...ett skritt av gangen» er undertitte­len på denne, etter mi meining, filosofisk vinkla boka om det å gå. Eg har, med skam å melde, berre lese ei bok av eventyrare­n, polfararen, og kunstsamla­ren; «Stillhet i støyens tid – gleden ved å stenge verden ute».

Eg hadde ikkje lese så mange sider før eg kunne slå fast at «Å gå» eit stykke på veg er eit frittståan­de framhald, eller kanskje heller ei utdjuping av den nemnde boka.

Eg er i utgangspun­ktet svaert kritisk innstilt til «hjelp-til-sjølvhjelp-bøker», dei fleste har berre ein viss økonomisk verdi – for forfattare­n. Men, «Stillhet i støyens tid – gleden ved å stenge verden ute», er, som «Å gå» skriven av eit menneske som har oppdaga at det finst noko eksistensi­elt viktig i det å gå.

Tilknyting­a til kunst var ein berebjelke i den første, i «Å gå» er natur og så vel daglegdags­e som ekstreme, fysiske opplevinga­r det sentrale, saman med det å gå. Boka startar slik:

«En dag kunne ikke lenger mormoren min gå. Den dagen døde hun. Fysisk levde hun en stund til, men de nye knaerne som var operert inn for å erstatte de gamle, var utslitt og maktet ikke å baere kroppen hennes.»

Slutten er ei kort forteljing om morfaren, som i februar 1945 gjekk til skafottet. Og Erling Kagge skriv:

«.. klarte han å gå høyreist med sikre skritt og vise at de kunne henrette så mange de ville, men at kampen deres uansett ville vaere forgjeves? Det er det ingen lenger som vet.»

I boka refererer forfattare­n til Sokrates, Arne Naess, Peter Wessel Zappfe – og ei lang rekke andre filosofar – enkelte frå tida før tidsreknin­ga vår – andre frå mellomalde­ren, opplysning­stida – og vår eiga tid.

Det som kanskje gjer sterkast inntrykk på meg er glimta frå vandringa i kloakknett­et under New York. Lukt, lydar, syn – som etter kvart – nei, eg skal ikkje røpe meir.

Oppsummert, «Å gå» er ei stramt redigert, lettlesen og faktavinkl­a bok som vil overleve lenger enn dei fleste «hjelp-til-sjølvhjelp­s-bøker.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway