Fædrelandsvennen

Sidemålet endå ei gong

-

To frustrerte laerarar ved Tvedestran­d og Åmli vgs har gått frå idealisme og pågangsmot til pessimisme og mismot, står det i Faedreland­svennen 09.02.18.

●●Leiaren i Noregs mållag svarte 15.02.18, blant anna med å referere Jeløyerkla­eringa til regjeringa: «Regjeringe­n vil sikre gode bruks- og opplaering­svilkår for de to likestilte målformene i norsk».

Eg er ikkje laerar, men då eg for nokre år sidan vart fortalt kor lite tid som var til sidemål i vidaregåan­de, var det ikkje vanskeleg å forstå at elevane kunne bli negative til faget. Når me i tillegg veit kva bokmålsbad dei fleste ungar lever opp i, i barnehage, barneskule, fritidsakt­iviteter og media, blir ikkje forståinga mindre. Og når laerarane gir opp og blir motstandar­ar av faget, blir forståinga ennå større.

Det er Storting og regjering som har overordna ansvar for at barn og unge laerer kvifor me har to likestilte skriftsprå­k her i landet. Det bør innførast krav om nynorske songar og forteljing­ar (lesing) i alle barnehagar. Slikt krav må vidare også gjelde i barneskule­n, der ungane også kan få øve seg på å skrive nynorsk. Det bør vere viktig at ungane får laere nynorsk å kjenne når dei er i ein alder der dei er opne for alt nytt og kunnskap kan leikast inn.

Slike ordningar i barnehage og skule må føre til endra opplegg i utdanning av laerarar og barnehagel­aerarar. Slik det er nå kan ein laerar bli ferdigutda­nna utan å ha eksamen i norsk, sjølv om det er eit fag som blir nytta i alle andre fag. ÅLAUG ROSSELAND, leiar i Vest-agder Mållag

 ?? FOTO: NTB SCANPIX ??
FOTO: NTB SCANPIX

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway