Fædrelandsvennen

Yoga er ikkje berre stressmeis­tring eller rein trening

-

Eg har lenge undra meg over at humanetika­rane ikkje har vegra seg mot yoga i skulen.

●●Det er mange som ropar høglydte åtvaringar mot bordbøn i skulen, skulegudst­enester og ulike vandringar i kyrkja som snikevange­lisering. Kvifor er det ingen reaksjon mot yoga i kroppsøvin­ga? 21. februar fekk eg svaret. Det verkar som om Jorunn Aaselle Olsen trur at fordi dei som går på yogakurs ikkje er klar over den åndelege sida ved yoga, eller tillegg denne noka vekt eller verdi, så forsvinn det åndelege aspektet ved øvinga. Eg syns det er veldig naivt å tru at det kan finnast yoga utan hinduisme, når kvar detalj av aktivitete­n er designa til å fungera som tilbeding av hinduistis­ke gudar.

I Finding Neverland blir det fortald at det dør ei fe kvar gong nokon fornektar trua på at det finst feer. Når ingen trur på feene lengre kjem det altså heller ikkje til å finnast feer. Det verkar som om mange i vår rasjonelt tenkjande del av verda trur at det fungerer på same måte med åndelege element. Det synast som om tankegonge­n er at viss me berre undergrave­r det åndelege aspektet ved t.d. yoga, så er alt som er att den fysiske delen av aktivitete­n. Difor blir det heilt latterleg at nokon kan vera redde for yoga. Det er jo berre helsefremj­ande øvingar som ikkje kan skada på nokon som helst måte, meiner dei. Dei som held Bibelens bodskap for sann kan ikkje vera samde i denne konklusjon­en. Eg meiner at Petter Dass har formulert det veldig treffande: Gud er Gud, om alle land lå øde. Gud er Gud, om alle mann var døde. Gud held ikkje opp med å eksistera om ingen trur på han. Fienden hans, djevelen, held heller ikkje opp med å eksistera berre fordi det har gått av moten å tru at han finst. Han ønskjer framleis å føra så mange menneske vill som råd er, og kva er betre enn å leia dei inn i avgudsdyrk­ing?

For ein nordmann i dag er det eg seier her det reinaste og skjaeraste vrøvl. Det gjev ikkje meining for dagens menneske å tru at å driva med yoga er avgudsdyrk­ing (det er jo berre trening). Men kva om det er ei ånde-

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway