Fædrelandsvennen

Skapt i Guds bilete – gjeld det berre nokre av oss?

- ANNA UBOSTAD, Iveland

I debatt om likekjønna samliv og ekteskap kan det høyrast slik ut. Men kven er vi som kan tolka Guds plan og vilje og tanke. Eg er ikkje teolog, berre ein person oppvaksen i bedehusmil­jø, går der av og til, og trudde alle var velkomne dit.

Så har eg dei siste åra blitt forskrekka og skuffa over praksis i nokre bedehusmil­jø ovafor homofil gut eller lesbisk jente som har blitt glad i ein person av eige kjønn. Deira val av livsform blir vurdert som så syndig at dei kan bli utestengde frå det kristne fellesskap­et dei har vore del av.

Er slik utestengin­g godt kristent sinnelag? Kan det vera andre synder som like gjerne «kvalifiser­er» til utestengin­g? Kva med baktaling, vold i heimen, skattejuks, fyllekøyri­ng? Dette veit vi går ut over andre. Utestengin­ga i seg sjølv går også ut over andre, og fleire enn dei det direkte er retta mot. Indirekte fører det til større fokus på synder vi må unngå enn glede over det gode vi kan gjera og må oppmuntras­t til å stå for.

Eg vil gjerne kunna gå på bedehuset av og til. Nå mister eg lysten på det, kjenner meg utestengd. Eg vil ikkje vera del av eit miljø som er så fokusert på likekjønna­s sexliv. Eg vil ikkje vera med på at det å bli glad i ein person av eige kjønn er ei sak nokre andre treng bry seg med. Heller ikkje skjønar eg at slik kjaerleik må føra til splitting, krangel, krig?

Og eg undrar meg: Er krav knytta til sexlivet like strenge for heterofile? Vil slibrig tanke og tale frå dei bli sett strengt på? Utrue ektefeller? Heterofile som flyttar saman, nokre for å prøva kvarandre ut, andre med von om livslangt samliv, men utan å villa gå inn i forpliktin­ga med å gifta seg? Finst det ein «syndsskala» der dette og mange skjulde synder blir lågare «vurdert» enn likekjønna samliv?

Så undrar eg meg også: Det er oftast menn som flyttar saman det blir oppslag om. Er det lettare å godta at kvinner gjer det? Omvendt feminisme...

Eg har stor respekt for den som vel å stå fram som homofil eller lesbisk. Eg veit frå folk eg sjølv kjenner at det tok tid, for nokre etter å ha sett på seg sjølv som bifil og streva for få til heterofilt forhold. Det gjekk berre ikkje.

Og eg undrar meg over organisasj­onar som aksepterer homofil eller lesbisk legning, men ikkje godtek at det kan levast ut. Det er i verste fall at andre krev å få godkjenna kjaerleiks­livet til nokre grupper i samfunnet vårt. Det har dei vel ikkje rett til? Korkje kristeleg sett, eller juridisk?

Er krav knytta til sexlivet like strenge for heterofile? Vil slibrig tanke og tale frå dei bli sett strengt på?

I Iveland er det nå mykje uro kring dette. Eg vonar inderleg at sunt bondevett og god omtanke for dei som ikkje er heilt etter oppskrifta vil vera grunnlag for «vaksen» verdidebat­t i bygda vår. Og eg er stolt over ordføraren som tek stilling og ber bedehusfol­ket og Normisjon sørga for at diskrimine­ring av homofile og lesbiske her stoppar. Ho held fram at i beste fall kan verdikampe­n i Iveland få gode ringverkna­der regionalt og nasjonalt. Tiltredes!

 ?? FOTO: WITZØE, TORBJØRN ?? Kan det vera andre synder som like gjerne «kvalifiser­er» til utestengin­g? spør innsendar.
FOTO: WITZØE, TORBJØRN Kan det vera andre synder som like gjerne «kvalifiser­er» til utestengin­g? spør innsendar.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway