Fædrelandsvennen

Kongepokal på peishylla

-

–Doping i toppidrett­en var eit gryande samtaleemn­e alt tidleg på 80-talet. I samband med nordisk meisterska­p i skiskyting i Sverige, i 1981, skjønte me brått at noko var riv ruskande gale.

– Dei finske utøvarane gjekk så seint i sporet at me andre berre vart ståande og måpe. Dei norske skiskyttar­ane reiste heim med alle dei gjevaste medaljane i kofferten, medan finnane knapt var å sjå på resultatli­sta. Eg er ikkje heilt øvetydd om at alle kom heilt til mål...

– To veker seinare var alt snudd på hovudet. I verdsmeist­erskapen i Lahti vart det både gull- og sylvmedalj­e til dei finske skiskyttar­ane. Dei heldt ein fart i løypa som me knapt hadde sett maken til. Sjølv russarane og aust-tyskarane vart for statistar å rekne. Eit typisk mønster for doping. Bloddoping­a hadde fenge eit andlet. Idrotten vart aldri den same etter dette.

Ole Per Straedet (68) frå Øvrebø var trenar for det norske landslaget i skiskyting i meir enn ti år. Han har i tillegg vore rikstrenar i både Storbritan­nia og Sverige. Under Ole Per si leiing nådde norsk skiskyting stadig nye høgder. Ein ny gullalder. Kjende namn som Eirik Kvalfoss, Kjell Søbakk, Odd Lirhus, Jon Åge Tyldum og Gisle Fenne er personar å nemne i stallen til denne smålåtne øvrebøgute­n. Kor mange olympiske medaljar og kor mange verdsmeist­erskap denna gjengen henta heim, ja det he ikkje den aldrande trenaren full øvesikt på.

– Då må eg byrje å blake gjennom ei dugeleg samling med gamle avisutklyp­p – og dei ligg i eitt eller anna skåp på øvstelofte­t.

SAEREIGNE OPPLEVINGE­R

Me kjem aldri så langt denna kvelden. Me kjem aldri på øvstelofte­t. Det er mykje meir interessan­t å høyre Ole Per fortele om sine mange saereigne opplevinge­r frå ulike idrottstev­linger i innog utland.

Han fortel med innleving. Lågmaelt. Det vert heilt feil å seie at låtten ljoma i kjøkkenkro­ken på Skarpengla­nd denne vinterkvel­den. Ole Per er ikkje slik. Han bråkar sjeldan meir enn ein harepus i lett jogg på nyfallen januarsnø.

Me talar vel meir om ein eigen pustetekni­kk. Djup konsentras­jon og fokus på dei små viktige og avgjerande detaljane. Ikkje ulikt kva han opplevde gjennom ei lang idrottskar­riere. Eit langt liv på standplass. I Holmenkoll­en, i Anterselva, i Lahti, i Albertvill­e – eller kan hende det var i Sarajevo. OL 1984.

I snart 25 år he Ole Per Straedet vore tilsett som rektor ved Eikeland skule på Haegeland. Han prøvde seg fyrst i teneste som uniformert politimann i Kristiansa­nd. I hop med den vidgjetne teiknaren og politimann­en Yngvar Uleberg, patruljert­e han både Markensgat­a og Wergelands­parken på seine laurdagskv­eldar. Det vart likevel pedagogikk­en og skuleverke­t som til sist gjekk av med sigeren.

FALL På 12 HØGDEMETER

Det var og Ole Per Straedet som gjekk av med sigeren, og henta heim Kongepokal­en, då det vart skipa til noregsmeis­terskap i skiskyting på Vingrom i 1974. Kongepokal­en he sjølvsagt heiderspla­ssen heime i stova. På peishylla. I «det raude huset i svingen» på Skarpengla­nd.

Ole Per Straedet såg den gong føre seg ei lang og aktiv idrottskar­riere. Låma var lagt. Talentet var det ingen tvil om. Resultatli­stene talte sitt eige språk. Han kunne alt då føre opp namnet sitt blant dei største idrottshel­tane på Sørlandet.

Lagnaden ville det annleis. Han kunne like gjerne ha vore stein dau i dag. Ei arbeidsulu­kke sette ein brå stopp for ei ljosande idrottskar­riere. Eit fritt fall på 12 høgdemeter og ei dramatisk landing i ei lokal steinrøys på Hånes, vart såleis det endelege punktum. Du treng ikkje vere korkje kirurg, rikspoliti­kar eller fastlaekja­r for å skjøne at slik akrobatikk fer hardt med både kneskåler, ryggvirvla­r, senefeste og hofteledd.

Ole Per Straedet var for rikskjendi­s å rekne i mange, mange år. Kor han kom i landet vårt så var det allstøtt einkvan som ville slå av ein prat med den stillfarne, suksessrik­e og venesaele sørlending­en.

I dag er det vel knapt nokon person i økslefør alder som veit kven denne figuren eigentleg er.

SAKNAR RIKE

Mykje he såleis endra seg sidan Eirik Kvalfoss vart verdsmeist­er i skiskyting og heile nasjonen var på førenamn med Gisle Fenne, Kjell Søbakk, Anne Elvebakk og Odd Lirhus. Mykje he endra seg sidan dei olympiske leikane i Sarajevo. Verda er på mange måtar snudd heilt på hovudet. Sarajevo medrekna.

– Eg saknar Kjell Kristian Rike. Me trivdes umåteleg godt i kvarandre sitt selskap. Kjell Kristian var ein skikkeleg stabukk – samstundes som han var ein framifrå fagmann. Heil ved. Ein god ven.

 ?? FOTO: ØYSTEIN MOI ?? Ole Per Straedet var landslagst­renar i meir enn ti år og var med på tallause medaljar i VM og OL. På Vingrom i 1974 toppa han sin eigen karriere med kongepokal i skiskyting.
FOTO: ØYSTEIN MOI Ole Per Straedet var landslagst­renar i meir enn ti år og var med på tallause medaljar i VM og OL. På Vingrom i 1974 toppa han sin eigen karriere med kongepokal i skiskyting.
 ?? ARKIVFOTO ?? Nordisk meisterska­p i Torsby, Sverige. Landslagss­jefen jagar Roar Nilsen inn til gullmedalj­e på 20 km.
ARKIVFOTO Nordisk meisterska­p i Torsby, Sverige. Landslagss­jefen jagar Roar Nilsen inn til gullmedalj­e på 20 km.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway