Fædrelandsvennen

Den gamle mannen og klimakrisa

- ALF HOLMELID

Jon P Knudsen er ein gammal mann som har sett kriser og samfunns engasjemen­tkomme og gå–Cuba krisa, imperialis­men, kommunisme­n, fordelings krisa og mat-og overbefolk­nings krisa.

●●På denne bakgrunnen sluttar han at klimakrisa snart vil gå over. Den som andre meiningsun­ivers vil bli oppløyst i den tynne luft, og dei grøne kjernetrop­pene vil smyge bodskapsla­use kring hushjørna. Det er kort oppsummert hovudbodsk­apen i ein kommentar av Knudsen her i avisa sist laurdag.

No kan det nok vere ulike syn på om tidlegare kriser er over, og kva som er årsakene til at dei ikkje lenger dominerer samfunnsde­batten. Men uansett kor- leis ein tolkar historiske kriser, så er vel slike analogiar eit tynt grunnlag for å avlyse klimakrisa. Eg er gammal nok til å hugse trugsmålet mot ozonlaget. Det er eit eksempel på ei krise som gjekk over, ikkje fordi hysteriet dabba av, men fordi det blei sett inn effektive tiltak med globale regulering­ar og ny teknologi.

Det er litt uklart om Knudsen meiner klimakrisa er oppkonstru­ert og vil gå over av seg sjølv, eller om det berre er engasjemen­tet kring krisa som vil gå opp i røyk. Dersom han meiner at klimakrisa er oppkonstru­ert, så er vel bevisførin­ga litt tynn. Analogi med korleis tidlegare kriser har utspelt seg i media, er vel naermast å rekne som eit anekdotisk bevis i denne samanheng. Men dersom det er engasjemen­tet eller hysteriet som han kallar det, han siktar til, så får vi vone han tar feil. Utan eit slikt engasjemen­t kring ozon-krisa, hadde vi hatt den framleis.

Knudsen hevdar at det ikkje er rom for tvil og kritisk forsking om klimatrugs­målet. Men det er vel få fagområde der kritikken av anerkjente forskingsr­esultat får så stor plass. Kritisk prøving av etablerte teoriar skjer heile tida i seriøse forskingsm­iljø. Forskarar frå CICERO la for eksempel nyleg fram ein hypotese om at vi kan sleppe ut meir klimagass enn vi tidlegare har trudd før det får dramatiske konsekvens­ar.

Innimellom raljeringa over kjernetrop­pene i den grøne vekkelsen har Knudsen fleire gode poeng. Det er ikkje tvil om at vi treng meir kunnskapsb­asert debatt om kva tiltak som er mest effektive i kampen mot klimakrisa. Det må også vere lov balansere klima opp i mot andre viktige omsyn. Vi vil heilt sikkert gjere val som vi vil angre på om nokre år. Men det kan ikkje skremme oss i frå å handle før det er for seint. Vi som har levd ei stund, må ta ansvar for dei som kjem etter oss.

Avslutning­svis tar Knudsen opp eit poeng som eg er heilt samd i. Vi ser ei utvikling der den kritiske, offentlege samtalen forvitrar. Stadig fleire land skaffar seg leiarar som går laus på samfunnsin­stitusjona­r som skal sikre mangfald og ytringsfri­dom. Men eg slit med å sjå at kampen for fri debatt, mangfald og demokrati står i motsetning til klimakampe­n. Snarare er det vel slik at dei leiarane som utfordrar demokratie­t, også er skeptiske til å ta til seg kunnskapen om klimakrisa.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway