Fædrelandsvennen

Litt utvatna frå Joly

- BJARNE TVEITEN

KRIM «Høyt henger de»

Eva Joly/judith Perrignon. Omsett av Birgit Owe Svijus Tiden

Grei tidtrøytte, men Joly er betre som korrupsjon­sjeger.

«Eva Joly med Judith Perrignon» står det på omslaget.

Med, ikkjeog. Eg skal berre nemne det, og legge til at den same duoen gav ut «Liras øyne» på norsk i 2012.

Det startar dramatisk.mot slutten av den franske presidentv­alkampen tar Simon Castelnau, den franske industrimi­nisteren, sitt eige liv. Mindre enn eit halvår tidlegare køyrer son hans villmann på motorsykke­l – og misser livet. Men er det sjølvdrap? Medea og politiet meiner det, men dottera til Castelnau, Noémie, trur ikkje det stemmer. Og broren, var det eit tragisk trafikkuhe­ll, eller?

Rettsskriv­aren Felix, ein nigeriansk politimann, Nwankwo og den blinde men i høgste grad oppegåande bloggaren Lira Kazan er einig med Noémie, og begynner å leite etter sanninga. Det er livsfarleg.

Motstandar­anehar enorme ressursar både økonomisk og menneskele­g, og nøler ikkje med å gå hardt til verks. Slikt som menneskere­ttar er eit framandord for altfor mange i det eg vil kalle eit laust samansett nettverk av maktmennes­ke i Frankrike.

Skildringa av toppolitik­arar, embetsmenn, styrtrike kapitalist­ar og, ekstra uhyggeleg, mediatoppa­r er direkte skremmande. Mange av desse maktmennes­ka opererer i naerleiken av den sittande presidente­n.

Boka har ein link til Nigeria og ei urangruve. Afrikanara­ne er minst like tvilsame, og det går hardt for seg. Drap, kidnapping, fullstendi­g halslause biljakter både i Frankrike og Nigeria, forfattara­ne sparer ikkje på verkemidla.

Likevel blir det ikkje spennande nok. Joly auser raust av kunnskapen ho har om kva som skjer av tvilsame forretning­ar og grov korrupsjon i det franske samfunnsma­skineriet, og kritikken mot den etablerte eliten er målretta og skarp. Dette trekker opp, og boka er leseverdig.

Men det trekker ned at det blir så mange detaljar og personar at heilskapen blir for utvatna.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway