Fædrelandsvennen

Tek vare på ei stor arv

Kari Røynlid og Mari Ormberg har sikra heilt spesielle song- og slåtteskat­tar frå Vest-agder og Åseral.

- TEKST: ODD-INGE RØNNING ULEBERG odd.inge.uleberg@fvn.no

Medan det boblar opp av den eine kvedaren og felespelar­en etter den andre i Setesdal, er det fattigare i Vest-agder.

Kari Røynlid er ein av få som held tak i folkemusik­ken og sikrar at den lever.

Kari blei kjend med Anne Tone Hageland (no fylkeskult­ursjef) då Kari var 12 år gamal og gjekk på kulturskul­en i Åseral.

MYKJE FRÅ SLEKTA

– Anne Tone sa: «I di slekt er det mange spelemenn og folk som syng. Du må byrje å synge.» Slik starta eg. Eg er så takksam. Eg er verkeleg stolt av kulturen til dei som levde før oss og eg vil så gjerne ta vare på han, fortel Kari Røynlid.

At ho har det i blodet, er nesten å underdrive. Kari bur på Austegarde­n i Åseral, ikkje langt frå der grandtanta Ingebjørg Liestøl levde sitt lange liv.

Ingebjørg song heile livet. I tillegg hadde ho ei nesten endelaus rad med søskenbarn som song og spelte, folk som Gunnar Austegard, Knut Liestøl (han som fekk i gang «Folkemusik­khalvtimen» på NRK), Tomås Liestøl, Tarjei Liestøl og søstrene Gyro og Gunvor Uleberg. Det var endå fleire.

– Dei var verkeleg kulturbera­rar. På cd-en har Mari Ormberg og eg med 32 ulike songer og slåtter, fortel Røynlid.

Dei fleste songane har ho laert av sin bestefar Jens Røynlid og grandtanta Ingebjørg, men det er med ting frå heile slekta. Det er også med ting frå Lars Mjaaland og Ånund Koland.

GAMLE VOKSRULLAR

Hardingfel­espelar Mari Ormeberg, opphaveleg frå Sogn, har med varsemd høyrd på voksrullan­e med opptak som Knut Liestøl sikra på 20-talet.

Ho har freista å få akkurat same dåmen i felespelet. Ho speler til dømes den einaste kjende springaren frå Åseral – etter Gunnar Austegard.

– Me held nokre konsertar saman. Eg har fast opplegg for barnehagen, barneskule­n og ungdomssku­len i Åseral, for å sikre at dei får inn folkemusik­ken. Medan dei små er heilt ville for nokre av dei gamle stubbane, er ungdommen akkurat så lite interesser­t som vel mogeleg, ler Kari Røynlid.

VONAR FLEIRE VIL I GONG

Ho trur det blir med dei eine cden. No er målet å lage ein film om folkemusik­ken i Åseral, ein film som kan nyttast av Minne Kultursent­er i Åseral.

– Ragnhild Furholt og faren Halvdan i Songdalen har vore svaert viktige for folkemusik­ken i Vest-agder. Også Gard Nergaard frå Marnardal gjer mykje viktig. Men me skulle gjerne sett fleire ta i bruk den gamle song- og speltradis­jonen på bygdene. Det er ei verkeleg stor arv, seier Kari Røynlid.

 ?? FOTO: ODD-INGE RØNNING ULEBERG ?? Kari Røynlid og Mari Ormberg har sikra mykje folkemusik­k frå Åseral. I påska hadde dei konsert på folkemusik­kpuben på Rysstad.
FOTO: ODD-INGE RØNNING ULEBERG Kari Røynlid og Mari Ormberg har sikra mykje folkemusik­k frå Åseral. I påska hadde dei konsert på folkemusik­kpuben på Rysstad.
 ??  ?? Kari Røynlid og Mari Ormberg med cd med folkemusik­k frå Åseral. «Den store stuten» heiter den.
Kari Røynlid og Mari Ormberg med cd med folkemusik­k frå Åseral. «Den store stuten» heiter den.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway