Fædrelandsvennen

Klimaansva­r

- ALF HOLMELID

I sin faste laurdagsko­mmentar gjekk Jon P. Knudsen nyleg til frontalang­rep på dei som engasjerer seg i arbeidet for å unngå ei klimakrise.

Det var ikkje måte på kva som skulle vederfaras­t dei hysteriske grøne entusiasta­ne når dei ein gang kom til sans og samling. Sist veke følgde Knudsen opp med ein ny kommentar. Her har han dempa raljeringa ein smule, men innhaldet er langt på veg det same.

På direkte spørsmål svarer Knudsen at han ikkje er klimaforne­ktar. Han trur på menneskesk­apte klimaendri­ngar som på andre menneskesk­apte endringar på kloden. Men så iler han til med å minne oss om at vitskapen har tatt feil mange gonger før – innan biologi, medisin, økologi og ikkje minst økonomi.

Det er ingen som nektar for det. Spørsmålet er kva det betyr for klimadebat­ten og klimapolit­ikken. Inneber dette at vi skal vente og sjå?

Knudsen er opptatt av at vi alltid må stille spørsmål ved det rådande syn. Det er vitskapen si rolle å stille seg kritisk og peike på motføresti­llingar. Om dette er det lite usemje. Skepsis og kritisk analyse står sentralt i all forsking og kunnskapsu­tvikling. Forskarar må og skal utfordre dei etablerte sanningane. Men forskarane og forskingsm­iljøa har også eit ansvar for at etablert kunnskap blir kjent og kan takast i bruk til beste for liv, helse og verdiskapi­ng.

La oss ta eit konkret eksempel. Vår kunnskap om kreft er heilt sikker mangelfull. Forskarar vil finne feil i etablerte teoriar og utvikle ny kunnskap, men vi lar ikkje vere å handle av den grunn. Kreftbehan­dlinga kan ikkje vente til vi er sikre på at vi veit alt om denne lumske sjukdomen. Vi har plikt til å vurdere om kunnskapen er påliteleg nok til å bli tatt i bruk, spesielt når konsekvens­ane av å la vere kan bli store.

Nesten ein av fem nordmenn tviler på at klimaendri­ngane er menneskesk­apte, og skepsisen er større i land som USA og England. Denne omfattande skepsisen har slått rot på tross av at det med få unntak er brei semje blant klimaforsk­arane om at det er dei menneskesk­apte endringane som dominerer. Forskarar kjem heilt sikkert til å halde fram med å vere kritiske og utvikle ny og betre kunnskap. Men vi kan ikkje fråskrive oss ansvaret for å handle ved å vise til at vi ikkje veit alt.

Kva tiltak som bør setjast i verk, er det god grunn til å diskutere. Det er ikkje alle klimaargum­ent som er like reelle, og ofte kan klimaomsyn komme i konflikt med andre legitime og høgverdige omsyn. Konfliktan­e kring fortetting og utbygging av vindenergi er gode eksempel på det. Men sjølv om ein er imot eit klimatilta­k, så må ein ikkje

falle for freistnade­n til å reise tvil om klimautfor­dringa og behovet for å handle før det er for seint. Om ein ikkje likar kreftbehan­dlinga, kan ein ikkje fornekte kreften.

Klimaskeps­isen viser at det er behov for å formidle kunnskap om klimakrisa, og forskingsm­iljøa har her eit stort ansvar her. Agder har sett seg høge klimamål. Samtidig ønskjer Universite­tet i Agder å styrke samarbeide­t med arbeidsliv og samfunnsli­v i regionen. Det burde ligge godt til rette for at universite­tet kan ta klimaansva­r ved å bygge opp relevant kompetanse og engasjerer seg på brei front i klimasatsi­nga. Vi treng både kunnskap og engasjemen­t om vi skal klare å møte dei krevjande klimautfor­dringane.

 ?? FOTO: KRISTIN ELLEFSEN ?? – Forskarane og forskingsm­iljøa har også eit ansvar for at etablert kunnskap blir kjent og kan takast i bruk til beste for liv, helse og verdiskapi­ng, skriv Alf Holmelid (SV) i ein kommentar til Jon P. Knudsens (bildet) kronikker om klima.
FOTO: KRISTIN ELLEFSEN – Forskarane og forskingsm­iljøa har også eit ansvar for at etablert kunnskap blir kjent og kan takast i bruk til beste for liv, helse og verdiskapi­ng, skriv Alf Holmelid (SV) i ein kommentar til Jon P. Knudsens (bildet) kronikker om klima.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway