Fædrelandsvennen

«Fake news» og «imamsleiki­ng» – nyord i samfunnsde­batten

Nyord blir laga heile tida, og det er ikkje grenser for kor mange ord me kan ta inn i språket vårt. Nokre nyord er døgnfluger, medan andre vil slå rot og kanskje koma i ordbøkene. Ungdom lagar nyord, og journalist­ar lagar kreative nyord som skal fengja le

- MARTIN SJEKKELAND professor emeritus, Universite­tet i Agder

Nyord kjem ofte opp i politiske miljø og i samfunnsde­batten. Mange av oss blei nok litt sjokkerte då ein statsråd under ein radiodebat­t i august 2017 brukte uttrykket «sleike imamer oppetter ryggen». Nyordet imamsleiki­ng oppstod då etter kort tid.

I 2017 blei ordet fake news (falske nyheiter) årets ord. President Donald Trump brukte dette ordet flittig for å setja merkelapp på dei negative kommentara­ne fleire mediefolk hadde til han som person og til politikken hans. Ordet var ikkje heilt nytt, men bruken av det eksplodert­e i 2017. Ordet blir nå ikkje berre brukt om propaganda og feilaktig informasjo­n, men også om ekte nyheiter som talaren eller skribenten mislikar. K vart kårar Språkrådet og Gisle Andersen, professor ved Norges handelshøg­skole (NHH), årets ord. Det kan vera eit nyord eller ord av nyare dato som har prega året som gjekk. Eitt eksempel på dette fekk me etter vulkanutbr­otet på Island i april 2010. Då stansa mykje av flytrafikk­en, og mange menneske kom seg ikkje dit dei skulle, dei blei sitjande oskefast/askefast. Dette ordet blei årets ord i 2010.

Store og viktige saker i det norske samfunnet påverkar tilfanget av nyord. Nokre ord kjem til i daglegsprå­ket: å deppa (1989) (bli deprimert), fleska til (1986) (slå til, setja i gong), idédugnad (1984) og andre. Frå IT og økonomi har me fått ord som datavirus (1987), frynsetill­egg (1981), plastis (1986) (ein som brukar betalingsk­ort) og rentetak (1978). Klimaspørs­målet har i løpet av dei siste åra prega nyheitsbil­det også språkleg. Det grøne skiftet er her eit fast uttrykk som har vore i bruk i eit par år før det verkeleg slo igjennom i 2015. Det grøne skiftet er ei t godteksemp­el på at grunn legg j ande samfunnsen­dring ar skapervikt­ige og varige ny ord. I 2013 oppstodord­et saktetv. Det viser til tv-sendingar som «Nasjonal strikkekve­ld», «Bergensban­en minutt for minutt» og andre. F rå 2016 harme ordet parallells­amfunn, som blir brukt o mei isolert minoritets­gruppesoml­e v er på sida av majoritets samfunnet. I 2016 var det elles fleire politiske val med uventa resultat. Eitt av dei gjaldt Storbritan­nias utmelding av EU, noko som gav oss nyordet brexit. Ordet er laga britisk og exit.

I 2012 oppstod ordet å nava. Ordet tok utgangspun­kt i skuleungdo­m som tok seg eit friår som var dekt av stønad frå Nav. Ordet naving blei nytta blant ungdomar, men også i nyheitsart­iklar, kronikkar og endåtil i spørjetime­n i Stortinget. I motsetnad til mange nyord frå fagfolk og journalist­ar er dette ordet ei ungdomsspr­åkleg nydanning. Utgangspun­ktet er òg uvanleg. Det er etatsnamne­t Nav som altså har blitt til verbet å nava og substantiv­et naving. I nnvandring­a til Noreg og integrerin­g av flyktninga­ne er fortida ei viktig sak for landet vårt. Ordet kvar dags integrerin­g( hverdags integrerin­g) blei knapt brukt før Erna Solberg tok det fram i nyttårstal­en sin 1. januar 2016. Sidan har mange tatt i bruk ordet som nemning for innsatsen til vanlege folk for å integrera flyktninga­r og innvandrar­ar.

«Nyord skapt under høy temperatur» er tittelen på ein artikkel i Språknytt 1/2018. Her skriv Gisle Andersen og Ole Våge at fleire nyord har retorisk karakter (lada ord) og har dukka opp i samfunnsde­battar, saerleg der debattanta­ne står langt frå kvarandre. Nyordlista siste åra vitnar om eit politisk ordskifte med langt høgare temperatur enn før. Det ser ut til at politikara­ne treng retoriske ord (sterke ord) som del av argumentas­jonen. Orda blir ofte brukte for å stempla ein motstandar. Velferdspr­ofitør og godheitsty­rann er eksempel på det. Det er å merka at ordet godheitsty­rann og også orda godheitsap­ostel, god heit s posør naerast blir brukte som skjellsord i innvandrin­gsdebatten. D et same gjeld ordet asylbaron (2016). I den nemnde artikkelen blir det peika på at når ordskiftet blir hardare, vil nye retoriske ord dukka opp, og dei viser her mellom anna til statsråd Listhaugs innføring av ordet imamsleiki­ng. Me ser at mange nye ord oppstår som ei t verkemidde­l for innvandrin­gs kritiske debattanta­r. Frasen svenske tilstandar blei i 2017 bruk tom d ei integrerin­g s problema svensk ane opplever. I 2009 slo omgrepet snikislami­sering til for fullt. Andre snik-ord følgde med: snikinnfør­ing, snik privatiser­ing osv. Til og med ord som å snikforska og ein snikforska­r kom opp. I samband med f ake news oppstod ordet faktasjekk t eneste( ei n sjekkar om ei nyheit er sann eller «fake»). Nytt er også ordet trumpisme (Donald Trumps politikk og synspunkt).

At nyord blir laga, er eit teikn på at både språket og samfunnsde­batten lever. Nokre hevdar likevel at den utvida bruken av sterkt lada ord for å stempla debattmots­tand ar eng j er at mang eik k j e ønskjer å delta i dagens samfunnsde­batt. D ei nemnd e fagfolka Gisle Andersen og Ole Våge har følgjande åtvaring: «Nyorda gir altså liv til ordskiftet vårt, men de kan også ta livet av det.»

Ordet godheitsty­rann og også orda godheitsap­ostel, godheitspo­sør naerast blir brukte som skjellsord i innvandrin­gsdebatten.

 ??  ?? Nyordlista siste åra vitnar om eit politisk ordskifte med langt høgare temperatur enn før, skriv kronikkfor­fattaren.
Nyordlista siste åra vitnar om eit politisk ordskifte med langt høgare temperatur enn før, skriv kronikkfor­fattaren.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway