Fædrelandsvennen

Mormon si bok og eg

- LEIV TORSTVEIT

Familien min fekk Mormon si bok i gåve av naboen vår i 1964. Han var då komen attende til Noreg etter 40 år i USA, og han var ein truande mormonar.

●●Då me spurde han kva det beste med mormonaran­e var, sa han: «Me har tolv apostlar og ein profet og dei får alt rett i frå Gud».

Seinare hjelpte eg han med å finne fram til slektninga­r, slik at han kunne frelse dei. Han ordna også at familien min er på det første steget for å kunne bli mormonarar. Han bygde nytt hus. Det har 13 soverom. Det tiltalar min humoristis­ke sans når eg nå er på ferie i det huset, at apostlane skal kome attende og bu på Torstveit i lag med meg.

Familien min har i seks generasjon­ar frå dei først med «Restaurati­onen» i 1825 reist til USA. Fem av generasjon­ane hadde eg mykje kunnskap om. Men eg fann ingenting ut om andre generasjon, Christophe­r Hervik. Han var fødd utanfor ekteskap i 1819. Mora gifta seg seinare med Svend Aasen. Dei fekk to gutar. Alle fem utvandra til Amerika i 1829. Christophe­r hadde då to tanter i USA. Eg skreiv ein artikkel om desse utvandrane i Lokalhisto­risk årbok for Rogaland.

Så ein dag fekk eg ein telefon. Kunne eg ta imot nokre fra Amerika som ville snakke med meg om slekta. Sjølvsagt ville eg det. Og så synte det seg at dei var etterkomme­rar til Christophe­r Hervik. Og nå fekk eg heile historia om Christophe­r. Sven Aasen døydde alt i 1832 og mora gifta seg med Endre Dahl som kom med «Restaurati­onen».

Dei norske vart kjende med profeten Joseph Smith. Og då han vart skoten, tok Brigham Young over leiarskape­t i mormonarky­rkja. Endre Dahl og heile familien hans gjekk over til den kyrkja. Young ville finne ein fristad for mormonaran­e og reiste vestover i 1847. Dei fann staden, Salt Lake City, som dei grunna 24. juli 1847.

Christophe­r var med i eitt av tre kompani som reiste vestover 16. juni 1947. Kvart kompani var på 120 personar, menn, kvinner og barn. Oksar med åk drog vogner med proviant og utstyr. Og dei fleste gjekk på føtene sine heile vegen. Dei gjekk mellom 150-200 norske mil, om lag frå Kristiansa­nd via Oslo, Trondheim til Levanger. Dei var framme 30. september same året.

Christophe­r vart intervjua som gamal mann om denne turen. Han fortalde at han var felespelar­en i kompaniet. Om kveldane spelte han til song og dans. Ein gong dei møtte på indianarar, slo han salto. Då kjende dei først om jorda dissa under føtene og då ho ikkje gjorde det, kjende dei på leggene hans. Då dei skulle krysse ei elv, var Christophe­r personen som kunne sømje over elva. For den prestasjon­en fekk han ei flaske whisky. Dei gjekk søndag som kvardag. Pausar hadde dei når ting måtte reparerast. Den turen var den finaste tida han hadde hatt.

Og kvifor reiste dei? Ei ung jente sa at då kunne ho bli godteken som kone nummer tre. Ein annan sa: «President Young hadde forlate Rocky Mountain for å finne plass for kyrkja vår. Han gav beskjed om at så mange som muleg skulle følge i forspora hans».

Mora, Endre Dahl og resten av familien kom til byen i 1848. Christophe­r var den andre felespelar­en i Salt Lake City. Han gifta seg i 1849 og fekk sju barn med den kona. Seinare gifta han seg med kone nummer to og fekk tre barn med ho. Konene hadde kvart sitt hus, som låg på sida av kvarandre. Slekta hans har budd i Vesten etterpå og halde fast i trua si. Og personen eg fekk besøk av, var Nicholas Nelson, som hadde vore misjonaer eitt år i Noreg. Og etter det møtet fann eg fram til historia om Christophe­r. Og når eg nå møter mormonmisj­onaerar, kan eg fortelje dei at slekta mi har vore i Salt Lake City sia 1847.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway