Fædrelandsvennen

«Mykje kan skje her i verda nå

Hornnes landsgymna­s fyller 100 år. – Eg veit ikkje om ein viktigare plass i heile indre Agder, seier rektor Birgit Attestog.

-

Ho seier det medan ho kikkar opp på riksløva på skulebygni­ngen.

Her på trappa til den ruvande skulebygni­ngen på Jortveitmo­en i Hornnes har tusenvis av unge gutar og jenter frå indre Agder og Vest-telemark gått inn med klump i halsen og brann i bringa.

Fulle av frykt, men også fulle av von.

SOSIAL LYFTESTONG

Langt der framme skimta dei kanskje eksamenspa­pira som opna vegen til endå større bøar. Skulen i Hornnes er omtalt som den største og viktigaste sosiale lyftestong­a i indre Agder.

– Den vidaregåan­de skulen i Hornnes er framleis utruleg viktig i kampen for levande distrikt og vidare utvikling. Skulen er heilt avgjerande for lokalsamfu­nnet, men sjølvsagt aller mest for den einskilde, seier ordførar Bjørn A. Ropstad i Evje og Hornnes.

I vår har skulen 220 elevar og 65 russ, og den heiter Setesdal videregåan­de skule avdeling Hornnes. Elevane slentrar rundt og taler til laerarane som dei var bestevener. Det å gå på vidaregåan­de er ein sjølvsagt rett, og ikkje eit privilegiu­m som det ein gong var.

Elevrådsle­iar Hans Andreas Berg frå Åseral og russepresi­dent Mona Haegeland frå Kile er samde i det. Dei trivast på ein liten skule der alt er uformelt og alle kjenner alle.

– Hornnes er ein veldig fin skule å gå på. Godt miljø, seier Haegeland.

9. mai er det stor jubileumsf­est med fylkesordf­ørar og mange prominente. Haegeland har talen klar. I det siste er både ho og dei andre elevane blitt meir klar over kva for ei stor soge dei er ein del av.

Det var nok ei heilt anna kjensle for elevane før i tida, då det å kome seg vidare på skule var som å leve i diktet til Olav H. Hauge der han skriv om at «noko vedunderle­g skal skje».

KLEVELAND

Setesdølen-gründar, lektor på gymnaset, lokalhisto­rikar, bygdebokfo­rfattar og målmann, no avdøydde Arne Olav Kleveland (elev frå 1950 til 1954), skildrar det slik:

«Eg var eineborn og odelsgut og då eg fortalde far min at eg hadde tenkt å søkje meg inn på gymnaset, kjende eg meg om lag som visst Aadne Garborg hadde det då han fortalde far sin Eivind, at han hadde tenkt seg på laerarskul­e. Eg trur nok far min var redd einaste sonen hans var på veg til å bli bymenneske. Men eg MÅTTE ha gymnaset. Eg avslutta folkeskule­n med ein brennande hug etter å laere meir.»

Rektor Attestog (elev frå 1971– 1974) er den første kvinnelege rektoren på skulen og ho kjenner seg att i det Kleveland skriv. Det var stort å flytte frå «den venaste svingen i dalen», bygda Lauvdal, til hybel i Hornnes.

– 14 år gamal og rett på hybel. Eg hadde ein frykteleg tøff første hausten. Ofte var eg heilt aleine i heile huset kor eg leigde hybel. Eg lengta mykje, men eg ville laere, eg ville gå skule, minnest Attestog.

Ho siterer Jakob Sande: «Mykje kan skje her i verda når berre ein stakkar kjem ut».

Hornnes landsgymna­s har vore portalen til andre dimensjone­r.

DEI BERRE STARTA OPP

I 2018 blir det framleis snakka om kompetanse, om utfordring­ar i indre Agder, om levekår, om at det trengst ei satsing innover i landet. Sørlandsti­nget ønsker ei statleg pakke for å få fleire bort frå trygd og over i arbeid.

I 1918 berre gjorde dei det! Det skulle gå så lett å få landsgymna­set, var planen – sidan Agder hadde Aasulv Bryggeså frå Eiken som kyrkjestat­sråd og sjølvaste eks-utenriksmi­nistar Jørgen Løvland frå Evje som jobba i kulissane.

Løvland fekk inn krav om landsgymna­s i stortingsp­rogrammet til Venstre og i 1913 fekk Bryggeså vedteke lov om landsgymna­s i Stortinget. Arne Garborg hadde kjempa hardt i åra før. Det handla om målsak, men først og framst om å gje bygdeungdo­men ein veg inn i vitskap, andsliv og akademia.

I Hornnes smidde dei mens jarnet var varmt. Olaf Kallhovd og Gunnar Abusdal sto sentralt. Hornnes låg så lagleg til midt i Agder.

I 1914 starte dei skulekampe­n og 12. mai 1915 kom proposisjo­nen frå Bryggeså om at det første statsfinan­sierte landsgymna­set i Noreg skulle kome i Hornnes.

Men i stortingsk­orridorane skjedde ting, og det fyrste landsgymna­set kom til Voss i staden.

Om det knekte ildsjelane i Hornnes? Langt ifrå. Dei skaffa pengar frå omlag alle bygder i Agder, dei fekk med seg den lokale sparebanke­n og dei fekk store summar frå lokale bønder.

Hausten 1918 starta dei opp «Hornnes private gymnas», sikre på at staten ville kome med pengar etterkvart. Skulen var endeleg røyndom, tvinga fram!

Staten kom på plass etterkvart. Difor henger riksløva over den gamle hovudinnga­ngen på praktbygge­t enno. Det bygget blir berre

 ?? FOTO: ODD INGE ULEBERG ?? Hornnes landsgymna­s, indre Agders sosiale lyftestong, er 100 år. Rektor Birgit Attestog er den første kvinnelege rektoren og ho seier ho kjenner litt på aerefrykt når ho står under riksløva.
FOTO: ODD INGE ULEBERG Hornnes landsgymna­s, indre Agders sosiale lyftestong, er 100 år. Rektor Birgit Attestog er den første kvinnelege rektoren og ho seier ho kjenner litt på aerefrykt når ho står under riksløva.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway