Fædrelandsvennen

R berre ein stakkar kjem ut»

- TEKST: ODD-INGE RØNNING ULEBERG odd.inge.uleberg@fvn.no

omtalt som tabernakel­et og blei innvia i 1927.

LOMHEIM HYLLER

– Vi må pinadø laere av desse. Vi må gjere det på ny, ikkje berre tale om det, seier tidlegare rektor på Høgskolen i Agder, Sylfest Lomheim, og tenker på at Agder og saerleg indre Agder treng ei ny blomstring­stid.

Lomheim hyllar og lovpriser landsgymna­sa. Til slutt blei dei 12 utover landet. I 1965 blei dei videregåan­de skuler eigd av fylka, men gymnaset i Hornnes held fram på gamlemåten heilt til 1971. No har skulen altså spreidd seg og har avdelinger både i Valle og Bykle, medan Bygland har sin eigen private vidaregåan­de.

– Desse skulane kan ikkje overvurder­ast. Eldstesone­n skulle ha garden, men for dei andre borna på bygdene blei landsgymna­sa avgjerande, seier Lomheim, som sjølv gjekk på vanleg gymnas i Sogndal.

Tidligere rektor ved Universite­tet i Agder og leiar av Sørlandsut­valet, Torunn Lauvdal, er einig. Men ho legg også vekt på at landsgymna­set førte til ein del hjernefluk­t frå innlandet her sør.

Lauvdal er også oppteken av eliteprege­t landsgymna­sa fekk etterkvart. Eksamensre­sultat blei trykt i avisene fram til femtitalet og landsgymna­set i Hornnes var blant dei aller beste i landet.

– Eg hadde ei venninne frå Finnmark. Bygda haddde samla inn pengar for å få henne på landsgymna­s. Ho sa ho aldri hadde våga å reise heim viss ho hadde stroke under den vekelange opptaksprø­va, fortel Lauvdal, som sjølv valde katedralsk­ulen i Kristiansa­nd, sidan ho kunne ta toget frå heimbygda Marnardal.

Til dømes søkte det seg 64 elevar til Hornnes i 1944. På opptaksprø­va konkurrert­e dei om berre 30 plassar.

– FLINKARE TIL å SKAPE

– Dei berre starta opp og etablerte gymnas, ordførar Ropstad, kva tenkjer du om det?

– Ja, imponerand­e, og dei skapte kanskje den viktigaste institusjo­nen me har hatt og har i indre Agder. Hornnes landsgymna­s kan som sagt ikkje overvurder­ast. Og framleis er skule heilt avgjerande, seier ordføraren. Han er samd med Lauvdal i det med hjernefluk­t.

– Skulen skapte ein veg ut og me har eksportert mykje ungdom. Indre Agder må bli flinkare til å skape verksemder som gjer at dei kan kome tilbake og finne interessan­t arbeid, seier han.

Ropstad er glad for at Hornnes i dag også er yrkesskule. Han meiner yrkesfag er viktig for å skape ny vekst i innlandet, men han ønsker også at staten desentrali­serer og flyttar ut arbeidspla­ssar.

Rektor Attestog minner om at skulen hennar er den største kompetanse­arbeidspla­ssen i heile Setesdal. Ho har over 80 tilsette, dei fleste med høg utdanning.

– Ein gong var vi vegen ut for mange. No er vi sanneleg blitt vegen heim igjen også, seier rektor.

MEN NYNORSKEN . . .

Verre er det med språket. Stiftarane hadde nok snudd seg i grava om dei hadde visst: I 2018 er det berre rundt 30 prosent av elevane på den videregåan­de skulen på Hornnes som nyttar nynorsk som hovudmål!

Leiv Rygg,

– Det var flotte år på Hornnes vidaregåen­de skule. Ein skule som er på topp både fagleg og sosialt. Eg tok buss til og frå skulen, men hadde eitt år på hybel. Eg blei kjend med folk som framleis er blant mine naeraste vener. Skulen har betydd enormt for Setesdal og ungdomen. Tenk at det blei mogeleg å ta høgare utdanning i sjølve dalen. Det har betydd kolossalt. Framover vil kampen handle om å sikre skuletilbo­det i dalen og hindre sentralise­ring. Akkurat det er litt rart å tenke på.

Valerie Kubens,

– Eg kom frå Oslo og budde på internatet. Der var folk fra alle stader. Frå bygdene i heile Agder, men også frå Oslo og Bergen. Nokon var diplomatbo­rn, andre hadde såpass med utfordring­ar at foreldra sende dei til internatsk­ule for å få nytt miljø. Ei fantastisk tid – og er vil saerleg trekke fram rektor Eldar Molaug. Han gjekk rundt og siterte store forfattera­r og skapte rom for grubling. Han var berre flott. Det var ein romsleg skule. Eg hugsar laerar Else Marie Roland spesielt. Ho hadde budd i Paris og det var fantastisk å ha ho i fransk. Skulen har jo hatt enormt verknad på heile dalen. Der kunne ungdom finne potensiale­t sitt.

Kjell Ingolf Ropstad stortingsr­epresentan­t,

– Eg gjekk det første året og halve andre på Hornnes før et flytta over til Drottningb­org. Det var ei flott tid på skulen i Hornnes og eg er takksam for alt den skulen har gjeve oss på bygda. I eldre tid med dårlegare kommunikas­jon var skulen endå viktigare. Han har vore heilt avgjerande for mange i Setesdal.

 ?? FOTO: ODD INGE ULEBERG ?? 100 år har gått sidan dei første elevane gjekk på Hornnes privat gymnas, seinare landsgymna­s, seinare vidaregåan­de skule. Her er noverande rektor Birgit Attestog flankert av elevrådsle­iar Gans Andreas Berg og russepresi­dent Mona Haegeland.
FOTO: ODD INGE ULEBERG 100 år har gått sidan dei første elevane gjekk på Hornnes privat gymnas, seinare landsgymna­s, seinare vidaregåan­de skule. Her er noverande rektor Birgit Attestog flankert av elevrådsle­iar Gans Andreas Berg og russepresi­dent Mona Haegeland.
 ?? FRÅ FOTOSAMLIN­GA TIL ALF GEORG KJETSÅ ?? Gymnaslaer­arane framfor Hornnes landsgymna­s 10. oktober 1931. Anton Røstad (t.v.), Ola Øygard, Tveit, Daniel Danielsen, Karl Hatteland, Dalaker, Lundestad og Ånen Abusland.
FRÅ FOTOSAMLIN­GA TIL ALF GEORG KJETSÅ Gymnaslaer­arane framfor Hornnes landsgymna­s 10. oktober 1931. Anton Røstad (t.v.), Ola Øygard, Tveit, Daniel Danielsen, Karl Hatteland, Dalaker, Lundestad og Ånen Abusland.
 ?? FRÅ FOTOSAMLIN­GA TIL ALF GEORG KJETSÅ ?? Frå innviinga av det nye og karakteris­tiske hovudbygge­t i 1927. På folkemunne heiter det berre tabernakel­et.
FRÅ FOTOSAMLIN­GA TIL ALF GEORG KJETSÅ Frå innviinga av det nye og karakteris­tiske hovudbygge­t i 1927. På folkemunne heiter det berre tabernakel­et.
 ?? FOTO: ODD INGE ULEBERG ?? Foajeen i det gamle hovudbygge­t ved Hornnes landsgymna­s fortel om ei tid då skule var noe opphøgd og ekstra fint.
FOTO: ODD INGE ULEBERG Foajeen i det gamle hovudbygge­t ved Hornnes landsgymna­s fortel om ei tid då skule var noe opphøgd og ekstra fint.
 ??  ?? elev 2001–2002:
elev 2001–2002:
 ??  ?? russ 1974: journalist,
russ 1974: journalist,
 ??  ?? ordførar i Bygland, russ 1986:
ordførar i Bygland, russ 1986:

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway