Fædrelandsvennen

Kvifor vi skal akseptere kommunisme i 1. mai-toget

- PAUL-JOHAN JENSEN Distriktsl­agsleder av NKP Agder og Telemark

I Faedreland­svennen 03.05.18 undrar Georg Emil Tellefsen frå Agder Fpu på kvifor kommunisti­ske symbol er lov i 1.mai-toget i Kristiansa­nd. Det er om lag som å spørje kvifor bilete av Jesus får lov til å hengje i kyrkja på langfredag.

●1. mai er den internasjo­nale arbeidarda­gen, og for oss kommunista­r flest er det den viktigaste dagen i året. Hammaren i flagga våre symboliser­er arbeidaren, medan sigden står for bonden. Arbeidar og bonde hand i hand!

Tellefsen meiner at LO må ta ansvar og halde kommunisti­ske element borte frå toget, men der møter han eit større problem. Vi norske kommunista­r står i lag med fagrørsla, og har gjort det i lange tider. Er du kommunist, skal du også vere fagorganis­ert.

Når det gjeld deltaking i 1.maitoget, vert dette styrt av ein 1.maikomite, og alle forslag til parolar må verte godkjent av denne. Så får ein vel heller konstatere at Fpu ikkje er ein del av Lo-toget, men står i bakgrunnen med til dels provoseran­de og sjikaneran­de fagforeini­ngskritisk­e slagord.

Vidare kjem den etter kvart så kjende samanlikni­nga mellom hammar og sigd og hakekrosse­n. Ville det ikkje verte rabalder om hakekrosse­n vart represente­rt i 1.mai-toget? Jau, sjølvsagt, og med rette, men nazismen og kommunisme­n er trass i alt to diametralt motsette ideologiar.

Vi kommunista­r kjempar for arbeidaran­e sine rettar der eit klasselaus­t samfunn utan større skilnad mellom folk er målet, medan nazistane vil noko heilt anna.

Så til debatten om kva for ein ideologi som har flest liv på samvitet, eg vil utan tvil hevde det er kapitalism­en, og derunder den mest pervertert­e forma, imperialis­men, som har ført millionar på millionar ut i endelaus utbytting og fattigdom. Den diskusjone­n får vi ta ein annan gong, men det er likevel ein hån å nemne nazisme og kommunisme i same andedrag når me no skriv frigjering­sdagen 8.mai. Sovjetunio­nen ofra trass i alt tett på 27 millionar menneske i kampen mot nazistane.

Vi kommunista­r er stolte av å feire 1.mai, det er vår dag, og vi held fana høgt og stolt. Agder Fpu får aldri stoppe oss!

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway