Fædrelandsvennen

Norsk skriftsprå­k – kven påverkar skrivinga vår?

I dagens samfunn er me avhengige av å meistra skriftsprå­ket. Det finst likevel mange som kvir seg for å skriva – i alle fall utanom reint private samanhenga­r – fordi dei fryktar at dei ikkje meistrar den «rette» måten å skriva på i ein gitt situasjon.

- MARTIN SKJEKKELAN­D professor emeritus, UIA, Institutt for nordisk og mediefag

Ein slik situasjon kan vera eit brev til skatteetat­en eller eit klageskriv til kommunen eller Fylkesmann­en. Skriftsprå­k er så mangt. Ulike yrkesgrupp­er har utvikla normer for korleis visse tekstar skal sjå ut. Juristane har sin måte å skriva på, politikara­ne og akademikar­ar sin. For ein som vil skriva ei vitskapleg avhandling, er det såleis ikkje nok å beherska det faglege innhaldet, han eller ho må kjenna den språklege forma – den sjangeren som gjeld. Språkbruke­n kan på denne måten ha ein symbolsk funksjon ved å tildela status.

Nokre gonger ser me eksempel på at faggrupper overdriv eller druknar i sitt eige «gruppesprå­k». Dei pyntar seg med ord ved å bruka eit abstrakt språk med lange og ugjennomtr­engelege setningar og mange framandord (t.d. cash-flow og outsourcin­g). Dei strør om seg med moteord som indikere, evaluere, implemente­re, prolongere, allokere, relevans, profylakse, mentoring, synergi osb. Eit slikt språk skaper ein uheldig avstand mellom sendar og mottakar. Elles er det slik at me reagerer på til dømes avisinnleg­g med mange skrivefeil. I slike tilfelle reknar me lett både innsendare­n og meiningane hans som dumme. Språkfeila gjev eit dårleg inntrykk, noko som me så overfører til innhaldet. vårt land er det stor toleranse for språkleg variasjon. Me er vane med å høyra ulike dialektar, og me kjenner til at det i norsk skriftmål er stor valfridom i skrivemåte­n (sola eller solen, rein eller ren osv.) Språkrådet har slått fast at det skal vera rom for toleranse i det som blir rekna for korrekt norsk.

Dei fleste av oss ønskjer ikkje å merka oss ut når me skriv. Me ønskjer å følgja norma for kva som er korrekt og passande språkbruk. Som sosiale vesen er me svaert vare for språklege og sosiale

Inormer, me er avhengige av sosial aksept. Korleis fleirtalet rundt oss brukar skriftsprå­ket, betyr ein heil del for oss. Den måten andre reagerer på språket vårt, er også ei viktig rettesnor for vår skriving. Inni oss veit me at folk ofte har kommentara­r til språket dei høyrer eller ser, kva som er gangbart, passande, pent eller «vulgaert». epartement og Storting bestemmer (gjennom Språkrådet) korleis språket i t.d. laerebøker skal sjå ut, kva former av orda som offentleg tilsette skal bruka i brev til etatar, kommunar og enkeltpers­onar. I 1938 vedtok Stortinget ei stor radikal språkrefor­m. Etter mønster frå dialektane på Austlandet og norsk talemål generelt blei det innført obligatori­sk a-ending i 900 hokjønnsor­d i bokmålet! Ein skulle nå skriva døra, sola, senga, skåla, nåla, øksa, arbeidsløy­sa, sanninga osv. Vidare skulle det heita alle beina, golva, barna, dyra, garna, trolla, fjøsa o.a.

I dag viser det seg at desse radikale formene frå 1938 er lite brukte. Språkforsk­ar Kjersti Wictorsen har undersøkt bruken av radikale og konservati­ve bokmålsfor­mer i eit stort tekstmater­iale frå 1985 til 2014. Ho fann at former som kasta og frakta (i fortid av verb) mest ikkje eksisterer

Di dagens bokmål. Vidare var det like vanleg å skriva frem som fram. Mange skriv ben, ikkje bein, sen og ikkje sein, og dei skriv syv for sju. Bortsett frå i NRK er former som jorden og solen vanlegare enn jorda og sola! år ein ser dette resultatet, kan ein undra seg over kva som har skjedd. Mykje av 1900-talet var prega av ein språkpolit­ikk som gjekk ut på å få fram eit bokmål som bygde på norsk folkeleg talemål i bygd og by. Folk skulle få bruka (og finna att) dialektfor­mene sine i skriftmåle­t (t.d. a-formene). Me kan i dag slå fast at dei som skriv bokmål, i liten grad utnyttar den valfridomm­en departemen­t og Storting set opp. Som Kjersti Wictorsen har vist, er det dei konservati­ve formene som blir brukte.

Det må vera ytre normkrefte­r som dominerer oss, og fører til konservati­v einsrettin­g av språket. Her er det at dei private normagenta­ne kjem inn, slike som til dømes Norsk Telegramby­rå og Aftenposte­n. Aftenposte­n har sin eigen «Aftenpost-normal», som represente­rer ein konservati­v variant av norsk bokmål, med skrivemåta­r som syv, tyve, frem, løv, fet, sen, en gren, vuggen, dukken, på heien, en flyver, bivånet, forstenet osb. Det som skjer, er at byråkratan­e

Ni departemen­ta les Aftenposte­n om morgonen. Etterpå skriv dei rundskriv som går ut til kontor i heile landet, og dei brukar då Aftenpost-norma. Statusen til dette språket har også sitt å seia for den smitteeffe­kten dette språket har. I 2017 hadde Aftenposte­n eit opplag på 140 655. Dette betyr kanskje 300 000 lesarar kvar dag. Avisa VG følgjer stort sett språket i Aftenposte­n, medan Dagbladet praktisere­r eit meir «moderne» bokmål. Andre private normagenta­r er dei store forlaga her i landet. Nemnast må også den makta som ligg i moderne elektronis­ke ordretting­sprogram! ttersom det meste av det som i dag blir skrive, går føre seg på datamaskin, blir ordretting­sprogramma meir og meir viktige for folk flest, både unge og vaksne.

Mange stortingsp­olitikarar likar å tru at dei gjennom Språkrådet kan styra norsk språk. Men i røynda gjeld dette ikkje. Folk rettar seg etter det språket (bokmålet) dei ser rundt seg. Store private aktørar «køyrer» sitt språk og mange av oss tek etter.

E

 ?? FOTO: SHUTTERSTO­CK ?? Bortsett frå i NRK er former som jorden og solen vanlegare enn jorda og sola! skriv forfattare­n av kronikken.
FOTO: SHUTTERSTO­CK Bortsett frå i NRK er former som jorden og solen vanlegare enn jorda og sola! skriv forfattare­n av kronikken.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway