Fædrelandsvennen

Snart har me fått ein kultur som heile verda meiner det er verd å ta vare på.

Stev, dans og spel frå Setesdal er på full fart inn på Unesco si verdsarvli­ste over immateriel­l kulturarv. Då får kulturen same statusen som tango frå Argentina og flamenco frå Spania.

- TEKST: ODD-INGE RØNNING ULEBERG odd.inge.uleberg@fvn.no

– Snart har me fått status som ein kultur som heile verda meiner det er verd å ta vare på. Kan det bli betre, seier Gunnar Stubseid og dreg bogen over fela i rein glede denne knallvarme sommardage­n på praktgarde­n Helle med utsyn til Straumsfje­llet.

Provet kan du sjå på biletet av nettsida til Unesco si liste over immateriel­l kulturarv. Der er søknaden «practice of traditiona­l music and dance in Setesdal. Playing, dancing and singing» no inne på nominasjon­slista og klar til godkjennin­g.

Over seks år med hardt og nøye arbeid har passert nålauget og ventar på godkjennin­g hjå Unesco i Paris, noko som vil skje hauste 2019. Då vil gangaren frå Setesdal ha same status som tangoen frå Argentina og flamencoen frå Spania.

– At folk utanfrå ser verdien av noko, er ofte det som må til for at også lokale folk skal sjå kva arv og kultur dei er ein del av. Eg har stor tru på ringverkna­dane av dette, ikkje minst for rekrutteri­nga, seier Gunnar Stubseid.

Kona Kari Margrete Okstad og han er mykje å takke for det som nå er i ferd med å skje. Saerleg kona. Det byrja med at ho fekk ein idé i 2012.

– Eg arbeidde som fagkonsule­nt ved Setesdalsm­useet då og talte med fleire på nasjonalt hald om Unesco si verdsarvli­ste for immateriel­l kulturarv og om ikkje Setesdal skulle freiste å få ein plass der, fortel Okstad.

Setesdal spelemanns­lag likte planen og starta nominasjon­sarbeidet med å få dans, spel og kveding frå Setesdal godkjend. Okstad fekk eit hovudansva­r.

LEVANDE KULTURARV

Hausten 2012 reiste Okstad og spelemann Hallvard Bjørgum rundt i kommunane Valle, Bykle og Bygland for å registrere slåttar og stev i ein database. Heile poenget med den immateriel­le kulturarvl­ista er at kulturen må vaere levande og oppegåande, ikkje eit minne om noko som var. Han må vaere verksam i røynda.

Og det er han i Setesdal. Meir levande enn på lenge.

Heldigvis overlevde dansen og spelet pietismen frå vekkinga som fór over dalen. Frå 1880 og utover var det mange som fekk valet: Jesus eller fela. Mange brann eller knuste fela.

50- og 60-talet blei likevel det endelege botnpunkte­t. Då var det svaert få utøvarar att. Mange var redd tradisjone­n ville døy heilt ut. Torleif Bjørgum var nesten heilt «eisemadde» med fela. Så kom sekstiåtta­rane og den grøne bølga, og nye utøvarar tok opp dei gamle tradisjona­ne.

Sidan har setesdalku­lturen berre fått meir og meir trykk i blodomløpe­t takka vere Stubseid, Hallvard Bjørgum, Kirsten Bråten Berg, Folke Nesland, Bjørgulv Straume og fleire.

Ungdomar som Vetle Hoslemo Tveiten (kvedaren frå Norske Talenter) og songaren Birgit Rysstad, og generasjon­en over med Sigrid Jore og Kim Rysstad er døme på at det no veks og gror betre enn på lenge.

MANGE RUNDAR

– Levande arv har me, men me ville gjerne vise han fram gjennom ein god søknad til Unesco. Eg fekk jobben med å skrive den første, fortel Stubseid.

Han er magister i etnologi og har vore rektor på Ole Bull-akademiet i Voss. Samstundes er han ein av dei fremste spelemenne­ne dalen og Noreg har. Kari Margrete Okstad er einaste i Noreg med hovudfag i folkedans og er ein framifrå dansar. Ho har jobba med folkekultu­ren heile livet.

Nominasjon­en i 2013 endte likevel i veggen til Kulturråde­t. Han kom aldri vidare til Kulturdepa­rtementet, som formelt må gjere søknaden til sin før han kan havne hjå Unesco sitt senter i Paris.

Det blei skrive nye søknader i 2014 og 2015. Så viste det seg at Noreg mangla ein database for immateriel­l kulturarv – noko Unesco krev.

– Me fekk til slutt alt av formalitet­ar og formulerin­ger på plass. I 2017 gjekk alt gjennom og Kulturdepa­rtementet skulle sende til Unesco. Men dei gløymde seg og bomma med nokre timar på fristen. Dermed rauk 2018, fortel Kari Margrete Okstad.

No ligg endeleg søknaden i Paris, og Unesco har lova handsaming i 2019. Det siste møtet i Unesco er i røynsla berre ein formalitet. Det trongaste nålauget er allereie passert.

– KAN BLI HEILT ENORMT!

Det er kveding (gamalstev og nystev), spel på fele og munnharpe og gangar-dansen som er med i søknaden. Setesdalku­lturen blir første kulturelem­entet frå Norden som kjem inn på hovudlista for immateriel­l kulturarv.

– Kva det vil føre til? Det kan bli heilt enormt! Eg vonar dei tre kommunane Bygland, Valle og Bykle legg seg i selen og freistar å utnytte dette maksimalt. Eg vonar Kilden i byen ser kor viktig Setesdal og folkemusik­ken er. Eg vonar på ein vekselverk­nad der både kulturen gror og ringverkna­dane rundt, til dømes reiselivet, veks, seier Stubseid.

SKRYT FRÅ MINISTEREN

Kulturmini­ster Trine Skei Grande er imponert.

– Setesdalmi­ljøet har gjort eit grundig og godt arbeid med nominasjon­en, som Kulturråde­t på fagleg grunnlag har meint Noreg skal fremje. Nominasjon­en som no ligg til vurdering hos Unesco, er god og vil stå seg godt.

Ho seier det er ein stor jobb å bli innskriven på Unescos verdsarvli­ste, men at det og er ein stor jobb å halde på plassen der.

– Dette er eit kontuinuer­lig arbeid som blir gjort kvar dag av tradisjons­berarane på grasrotniv­å, seier statsråden.

 ?? FOTO: ODD-INGE RØNNING ULEBERG ?? Ho fekk ideen og han skreiv den første søknaden. Utan Kari Margrete Okstad og Gunnar Stubseid hadde det neppe blitt noko. No har dans og spel frå Setesdal snart same verdsstatu­s som flamenco frå Spania og tango frå Argentina.
FOTO: ODD-INGE RØNNING ULEBERG Ho fekk ideen og han skreiv den første søknaden. Utan Kari Margrete Okstad og Gunnar Stubseid hadde det neppe blitt noko. No har dans og spel frå Setesdal snart same verdsstatu­s som flamenco frå Spania og tango frå Argentina.
 ?? SKJERMDUMP ?? Her er provet. Setesdalku­lturen er inne på nettsidene til Unesco og på god veg til å få plass på verdsarvli­sta.
SKJERMDUMP Her er provet. Setesdalku­lturen er inne på nettsidene til Unesco og på god veg til å få plass på verdsarvli­sta.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway