Fædrelandsvennen

Kunst eller vanvørdnad?

- VIGDIS BJØRNERUD GERD FOSSE HOVDEN

Kva ser me? Faedreland­svennen har 23. mai ein artikkel under overskrift: Ga 600.000 til Hovden-performanc­e.

●●Ei teatergrup­pe som kallar seg Loop by Laura skal grave ned bruder i bunad ved noko dei kallar Breidvatne­t, som må vere Breivatn ved Bjåen.( Orsak, på kartet har dei teke med den stumme d`en, men i ubestemt form, slik det blir sagt).

Nedgravd til livet, står det, og bunadane skal altså vere Setesdals-stakkar, «den finaste bunaden», seier Laura Christina Brøvig Vallenes. Og den vil ho altså grave ned i jord og søle, slik me forstår det.

Vår kjaere ordførar Jon Rolf uttalar: « Slikt som dette er vi veldig positive til, og jeg kommer til å gå inn for at dette blir lagt godt til rette for.»

Då må me spørre: Kven er «vi»? Det er nemnt «byklinger». Er det ein av-art av byklerar? Me trur iallfall at ingen av siste kategori, det vere seg innfødte eller tilflytta, vil bifalle slik sjikanerin­g av den stolte nasjonaldr­akta.

No må «bunadpolit­iet» moblisere, og politikara­ne bør sette ned foten, med eller utan sko. (I innlegget står det også: «– i et landskap der en strøm av bunadssko flyter ut i innsjøen».

Dette blir altså kalla kunst og omtala som performanc­e, truleg i mangel av dekkande norsk ord. Skjerp dykk! Det bør ikkje vere slik at ein må ty til ordbøker for å forstå eit innlegg.

Og tru det eller ikkje : «Kunstnaran­e» er bevilga 600.000 frå kulturråde­t til prosjektet!

Ja, ja – det er vel om lag det det vil koste å rense bunadane?

(Kvifor ikkje heller plassere brudene i kolgroper? Dei er iallfall ferdig gravde og grodde, og skitnar ikkje til !

Helsing to gamle Hovden-damer, blotta for forståing av provoseran­de «kunst».

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway