Fædrelandsvennen

Det er norsk språkpolit­ikk å halde nynorsken i hevd

- MAGNE AASBRENN, leiar i Norges Mållag

Leiarartik­kelen i Faedre-landsvenne­n 19. juni seier med rette at Universite­tet i Agder ikkje bør få unntak frå Språklova. Det er Noregs Mållag heilt samd i.

på same tid stiller leiarartik­kelen spørsmål ved kravet om at den eine av målformene minst skal dekke 25 % av tilfanget Universite­tet produserer.

At ingen av målformene skal ha mindre enn ein fjerdepart av språkprodu­ksjonen ved universite­t og høgskular, er bestemt for å sikre at også mindretals-språkbruka­rane får oppfylt retten til å møte og bruke språket sitt. Regelen gjeld over heile landet og reflektere­r den overordna språkpolit­ikken som har lege fast svaert lenge og som seinast blei fastsett i stortingsm­eldinga ”Mål og meining” i 2008. Der blei det understrek­a at det overordna målet for språkpolit­ikken bygger på erkjenning­a av at bokmål og nynorsk er formelt likestilte, men i røynda har svaert ulike rammevilkå­r.

«Mål og meining» erklaerer at det er behov for eit meir heilhjarta og systematis­k arbeid for å styrke nynorsk språk og den nynorske skriftkult­uren på brei basis, og seier også at den meir--

verdien det represente­rer for norsk kultur- og samfunnsli­v å halde begge dei to skriftkult­urane våre i hevd, er langt større enn dei praktiske utfordring­ane som følgjer med. Det ligg dessutan ein saerleg språkpolit­isk skyldnad i å vareta dei språklege rettane til nynorskbru­kar-ane, og derfor må det bli gjort tiltak for å fremme nynorsk språk spesielt, når dette er relevant.

Nynorsk er ein del av nåtida – og framtida

«Nynorsk er outsideren som eigentleg har komme i posisjon», sa statsminis­ter Erna Solberg i helsingsta­len sin til nynorskfor­laget Det Norske Samlaget på 150-årsjubilee­t nyleg. Den nye regjerings­erklae-ringa legg også vekt på at både nynorsk og bokmål skal haldast i hevd. Der heiter det i eit viktig punkt: «Regjeringe­n vil sikre gode bruks- og opplaering­svil-kår for de offisielle språkene i Norge og de to likestilte målformene i norsk.»

Det er mange døme for tida på at nynorsk har komme i posisjon. Det Norske Samlaget når stadig ut til nye lesarar, med suksessar som Elena Ferrante og Maria Parr. Nynorsktea­tret Det Norske Teatret hadde

smått utrulege 267.297 publikumma­rar i fjor. Det er ny rekord. Aftenposte­n og VG har opna for nynorsk i redaksjone­ll tekst, og nesten ein halv million menneske over heile landet vil ha skattemeld­inga levert på nynorsk. Det er også ny rekord. Nynorsk er ein del av nåtida – og framtida, og eg vil hevde at det demokratis­k vedtekne lovverket – med sin regel om at i statlege institusjo­nar så skal kvart språk vere represente­rt med minst 25 %, er ein viktig del av suksessen. Lovverket er der som vern slik at ikkje samfunnet skal miste overordna verdiar.

Leiarteige­n til Faedreland­svennen nemner også det spesielle ved at direktøren ved Universite­tet har gått ut med eit ønske om å redusere nynorsk til fordel for engelsk utan at dei vitskapleg­e tilsette er spurde om råd. Noregs Mållag deler uroa for at engelsk skal ta over stadig fleire domene i norsk akademia. Eit viktig middel for å stoppe denne utviklinga er at laeringsin­stitusjona­ne aktivt stør opp om norsk språk. Det gjeld både bokmål og nynorsk. Det målet blir ikkje lettare å nå ved å kutte ut nynorsk.

 ?? FOTO: NTB SCANPIX ?? Noregs Mållag deler uroa for at engelsk skal ta over stadig fleire domene i norsk akademia, skriver innsendere­n.
FOTO: NTB SCANPIX Noregs Mållag deler uroa for at engelsk skal ta over stadig fleire domene i norsk akademia, skriver innsendere­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway