Fædrelandsvennen

Flott høglesings­bok om døden

Pedagogisk, naert og aerleg om døden for små barn.

- BJARNE TVEITEN

BARNEBOK (FRÅ CA 4 år) «Da Vilmas bestemor døde»

Åse Gulbrandse­n Illustrert av Jurgen Bender Sputnik Publish

●●Det er ingenting som er sikrare når eit menneske blir født enn at det skal døy. I dag er døden meir fråverande enn for hundre år sidan – eller meir. Dei gamle døyr ikkje lenger så ofte heime, men på ein institusjo­nein, t.d. ein aldersheim eller eit sjukehus. Døden blir noko fjernt for alle, men mest for barn.

Forfattare­n er frå Mandal, pedagogisk utdanna og har arbeidd i barneskule­n. No, som 55-åring, driv ho gravferdsb­yrå. Til Faedreland­svennen sa ho mellom mykje anna dette i oktober 2015: «Det er egentlig ikke så kontrastfy­lt som det kan høres ut. Å ha med barn å gjøre er å møte mennesker som er aerlige og ofte sårbare, akkurat slik jeg nå møter mennesker som har mistet en av sine kjaere.»

Det står ikkje skrive, verken direkte eller indirekte, men skulle eg summere opp det forfattare­n fortel med

ord som 4–5-åringar skjønar, er det følgjande: «Det å døy er ein del av livet. Ein uunngåeleg del av livet. Det er naturleg å bli lei seg, sørge og gråte.»

Illustratø­ren, Jurgen Bender, har greidd å fortelje det same; med fargar og enkle strek utdjupar han bodskapen til forfattare­n. Kosebamsen til Vilma er ein raud tråd gjennom heile boka.

Eg har lagt merke til ei hending i den vesle boka på knapt 40 sider. Dagen før bestemor døyr, besøker Vilma og mamma henne på sjukeheime­n. Vilma har alltid slått hjul i den lange gangen i 3. etasje. Eigentleg har ho ikkje lyst til å gjere det når ho veit at bestemor skal døy. Men så gjer ho det likevel. Men sitte attmed mormor som pustar rart, det vil ho ikkje.

Teikninga til Bender viser ei lita jente med gule fletter med hovudet ned og føtene opp. Andletsutt­rykket er nøytralt, verken prega av glede eller sorg. Livet må gå vidare. Alle barnebarna mine er for gamle for denne boka. Skulle eg bli oldefar til eit barn i 4–7-årsalderen, skal eg finne fram denne boka. Ei innvending, forlaget burde ha spandert A4-format.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway