Fædrelandsvennen

Makedonia – namnestrid og interne motsetning­ar

Da Jugoslavia gjekk i oppløysing tidleg på 1990-talet, førte dei tre første utmeldinga­ne til militaere konfliktar innan føderasjon­en; i Slovenia, Kroatia og – aller verst – i Bosnia-hercegovin­a.

- KRISTIAN HAGESTAD

Den fjerde delrepubli­kken som braut ut, var Makedonia i sør. Da sjølvstend­eerklaerin­ga derfrå kom 8. september 1991, medførte det ingen krigshandl­ingar og lite protestar frå «rest-jugoslavia». Motstanden kom i første omgang utanfrå, frå nabolandet i sør. Etter kvart skulle også indre motsetning­ar skape alvorlege problem for den nye staten.

Nabolandet Hellas reagerte sterkt på at eit sjølvstend­ig land brukte namnet Makedonia. Bakgrunnen er kamp om historia. I oldtida var Makedonia namn på eit vidare landområde med gresk dominans. Ein av dei store heltane i gresk historie, Aleksander den store (356 – 323 f. Kr.), kom herfrå. På 1900-talet blei det området som i si tid utgjorde Makedonia, delt mellom Hellas, Jugoslavia, Bulgaria og Albania. Den nordlegast­e provinsen i Hellas har framleis namnet Makedonia.

Grekarar har mistenkt nabolandet i nord for å ha imperialis­tiske ambisjonar og på sikt ville reetablere eit stor-makedonia. Reising av svaere statuar sentralt i den makedonske hovudstade­n Skopje av både Aleksander den store og mor hans Olympia har gitt naering til slike spekulasjo­nar.

Grekarane hindra i første omgang at Eu-land godkjente den nye staten, og at han fekk medlemskap i internasjo­nale organisasj­onar. I 1993 kom ei mellombels kompromiss­løysing. Landet skulle internasjo­nalt offisielt heite «Den tidlegare Jugoslavis­ke republikke­n Makedonia», på engelsk forkorta til FYROM. I påvente av ei permanent løysing på namnestrid­en har Hellas blokkert for eventuell makedonsk tilknyttin­g til EU og Nato.

Makedonia er eit lite land. Innbyggart­alet er vel to millionar. Befolkning­a er samansett. Noko meir enn halvparten er makedonara­r, som er ei slavisk folkegrupp­e. Albanarar utgjer om lag ein tredel. I tillegg kjem mindre minoritets­grupper som tyrkarar, romfolk og serbarar.

Albanarane har opplevd seg diskrimine­rt av det makedonske fleirtalet. I 2000-2001 førte det til borgarkrig­sliknande tilstandar. På den albanske sida deltok veteranar frå Uck-geriljaen, som hadde kjempa mot serbarane i Kosovo. Konflikten tok slutt da ein Nato-styrke gjekk inn for å overvake ei våpenkvile. Forhandlin­gar mellom regjeringa og albanarane førte til avtale om kulturell og politisk anerkjenni­ng av den albanske folkegrupp­a og overføring av fullmakter til lokalforva­ltninga i albanskdom­inerte område.

Etter val til nasjonalfo­rsamlinga Sobranie i desember 2016 oppstod ein vanskeleg parlamenta­risk situasjon. Først etter eit halvt år var ny regjering på plass. Sosialdemo­kraten og makedonare­n Zaran Zaev blei statsminis­ter. Han danna regjering saman med albanske parti, og ein albanar fekk vervet som president for nasjonalfo­rsamlinga. Statsoverh­ovudet, Gjorge Ivanov, republikkp­residenten som er motstandar av auka albansk makt og påverknad, prøvde lenge å hindre regjerings­danninga. I mars i år la han ned veto mot ny språklov, som inneber at landet har to offisielle språk, makedonsk og albansk.

Etter mange år med uoffisiell­e kontaktar med Hellas om namnespørs­målet blei statsminis­trane i dei to landa i juni i år einige. Zaran Zaev og Alexis Tsipras underteikn­a ein avtale i grensebyen Préspes om at det nye namnet på FYROM skal vere Republikke­n Nord-makedonia. Når avtalen er ratifisert av nasjonalfo­rsamlingan­e i dei to landa, vil forholdet mellom dei bli normaliser­t, og Nord-makedonia kan søke medlemskap i EU og Nato.

Dersom nokon trudde avtalen skulle vekke udelt glede og allmenn tilslutnin­g, har dei måtta tru om att. Men dersom det er slik at stor misnøye hos begge partar tyder på eit godt kompromiss, ser det lovande ut. I begge landa har det komme sterke protestar.

I Athen brukte politiet tåregass mot 5000 rasande demonstran­tar som protestert­e mot avtalen. I den greske nasjonalfo­rsamlinga blei det stilt mistillits­forslag mot regjeringa; men forslaget fall med stemmetala 127 mot 153. Forsvarsmi­nisteren har stilt krav om folkeavste­mming om avtalen. Den 11. juli blei to russiske diplomatar utviste frå Hellas, fordi dei skal ha engasjert seg i namnestrid­en. I Skopje har opptil 10.000 menneske demonstrer­t og ropt slagord utanfor nasjonalfo­rsamlinga etter initiativ frå nokon som kallar seg «Borgarinit­iativet for det sameinte Makedonia», eit namn som neppe verkar roande på skeptikara­ne i Hellas. Motstandar­dane synest å vere dominert av den makedonske befolkning­sdelen.

Statsminis­teren har lovt folkeavste­mming i september eller oktober og legg opp til ratifiseri­ng i parlamente­t i januar. Han er trygg på positivt resultat og hevdar meiningsmå­lingar viser at 75 % av innbyggara­ne støttar avtalen. Men president Ivanov finn avtalen grunnlovss­tridig og vil legge ned veto.

Uansett motstand i begge landa, internasjo­nalt er avtalen tatt godt i mot. EU har alt strekt ut ei hand til Republikke­n Makedonia. Det same skjedde på Nato-toppmøtet i juli. Generalsek­retaer Stoltenber­g har antyda at innleiande forhandlin­gar om medlemskap i alliansen kan starte i sommar.

Uansett motstand i begge landa, internasjo­nalt er avtalen tatt godt i mot.

 ?? FOTO: NTB SCANPIX ?? En ortodoks munk roper slagord foran det greske parlamente­t under en demonstras­jon tidligere i sommer mot navneavtal­en mellom Makedonia og Hellas.
FOTO: NTB SCANPIX En ortodoks munk roper slagord foran det greske parlamente­t under en demonstras­jon tidligere i sommer mot navneavtal­en mellom Makedonia og Hellas.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway