Fædrelandsvennen

Bruk vegen rundt Fånefjødd under tunnelsten­ginga!

- VIDAR TOREID,

Det har i fleire år vore ein skandale at Statens vegvesen har stengt den gamle vegen på utsida av Fånefjødd.

●●Etter at tunnelen sto ferdig i 1963 var denne ein populaer turveg, og saman med den eldste vegen over fjellet var han ein av dei finaste og mest populaere turistattr­aksjonane i Bygland.

Stenginga skal berre ha blitt gjort på grunn av uttale frå ein jurist om at Vegvesenet i teorien kunne bli stilt til ansvar om det kom dettande ein stein ovanfrå. Og Vegvesenet hadde ikkje råd til å betale for geologisk vurdering og eventuelt litt oppreinski­ng i fjellsida.

På grunn av utbetrings­arbeid skal tunnelen vere stengd ein heil månad frå slutten av august, noko som fører til mange ulemper for byglending­ar og besøkande og store tap for naeringsdr­ivande.

Nokre hundretuse­n kroner for å sikre og eventuelt utbetre den ytre vegen vil vere ein bagatell for Vegvesenet i forhold til tunnelkost­nadene og ulempene ved tunnelsten­ging. Standarden på gamlevegen vil ikkje vere verre enn standarden på dei provisoris­ke vegstubban­e som elles blir laga under vegarbeid.

Med ljosregule­ring og 30 km fartsgrens­e vil då vanlege privatbila­r kunne køyre greit rundt Fånefjødd. Og frå oktober av vil den ytre vegen på nytt bli ein stor turistattr­aksjon og ein framifrå turveg for gåande og syklistar.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway