Fædrelandsvennen

Eit levande produkt av både arv og miljø

-

Øystein Moi møter mennesker fra indre Agder. I dag er det tidligere ordfører i Marnardal, Ånen Trygsland.

Han kom til vår arme jord same året som Sovjetunio­nen skaut opp verdas aller fyrste menneskesk­apte satelitt, Sputnik 1. Ånen Trygsland er både fødd og alen i Bjelland. Heimbygda som han etter kvart he vorte så umåteleg glad i.

– Her er det lite leven. Her er det saers gode tilhøve blant folk i grannelage­t. Sjølv om Bjelland, eit lite hjørne i det som framleis er Marnardal kommune, he fenge hard medfart i den nasjonale sentralise­ringsbøgja – ja så er det i dag både framtidstr­u og optimisme som er gjeldande blant mine eigne sambygding­er.

– ERNA ER FRAMIFRÅ

Ånen vert tankefull. Tenkjer attende på den tida då det var to kolonilafo­rretninger, tre bensinstas­joner, pensjonat, meieri og postkontor i bygda. Far hans arbeidde på meieriet medan mor Aslaug styrte det lokale postkontor­et.

Ein trygg og god heim. Ein heim kor det norske sosialdemo­kratiet fann både fotfeste, grobotn og trugne sympatisør­ar. Ånen Trygsland er så avgjort eit høgst levande døme på eit vellukka produkt av både arv og miljø.

– Eg tykkjer Erna er ein framifrå statsminis­ter seier Ånen , klårt og tydeleg - utan så mykje som ei einaste tenkjepaus­e.

– Sjølvsagt er eg ikkje samd i alle hennar politiske standpunkt, men som statsminis­ter he ho, utan atterhald, svaert få konkurrent­ar. Jonas Gahr Støre stiller i ein heilt annan divisjon. Han når ikkje inn i hjartevarm­en hjå folk flest. Han manglar på mange måtar både personleg utstråling og glimt i augo.

Ånen Trygsland hadde så visst ingen planar om å verte politikar. Bjelldølan­e – og godt vetuge og røysteføre folk rundt i heile kommunen ville det annleis. - Eg minnast sanneleg ikkje om eg sat i heradstyre­t i fire – elle i fem periodar. Dersom du vil ha eit korrekt svar på det så må du beint fram ringe til kommunen. Men eg er heilt øvetydd om at eg var ordførar i Marnardal kommune i åtte år. I perioden 1999 – 2007. Eg represente­rte Arbeiderpa­rtiet – det treng du i alle fall ikkje sjekke med kommunen.

EVENTYRSUM­AR FOR VARMEPUMPE­R

Ånen Trygsland. 60 årsgrensa er passert med god margin. Framleis aktiv deltakar i arbeidsliv­et. Gråfargen set sine tydelege spor på øvste del av lekamen. Eit fantastisk humør – og på alle måtar ein triveleg og venesael kar. Den pensjonert­e ordføraren driv i dag ei omfattande verksemd med sal og montering av både varmepumpe­r, stålpiper, peisar og vedomnar. Ein skulle tru at marknaden for varmepumpe­r snart var metta – og vel så det.

– Nei det er vel eigentleg no moroa byrjer , seier den taleføre bjelldølen på hi sida av det tome og velbrukte kaffeborde­t.

– Det er mange år sidan dei aller fyrste varmepumpe­ne kom på marknaden. Mykje he sjølvsagt endra seg sidan den gong. Det er heilt andre produkt me monterer i dag – og for tusenvis av møblerte heimar er tida no meir enn mogen for å byte ut gamalt metall med ny, fersk vare.

I slike høve er Ånen Trygsland berre eit par tasterykk unna.

– Denne sumaren he langt på veg vore eit eventyr i denne bransjen. Då kvikksylve­t passerte 30 varmegrade­r, var det mange som heiv seg rundt og tinga ei moderne varmepumpe. Eit maskineri som og kan brukast som luftkjølar. Eit maskineri som på tross av langvarig tropevarme sytte for leveleg temperatur i heimen. Både natt og dag. På Evje, på Sveindal, i Hylestad– og i Mandal.

LENGTAR TIL POLITIKKEN

– Eigentleg burde folk flest prøve seg ein periode i lokalpolit­ikken. Ein framifrå skule med tanke på den vidare ferda på livsvegen. Etter ein periode i lokalpolit­ikken vil ein vonleg skjøne så mykje meir av heile det store puslespele­t som lokaldemok­ratiet vårt eigentleg er tufta på.

– Då vil ein og skjøne at politikara­r er som folk flest. Dei vil som oftast sine medmennesk­je det aller beste. Dei he berre sin heilt ulike måtar å gjere det på. Ikkje alle he eit medfødd talent for puslespel.

Ånen Trygsland kan vanskeleg skjule at han stundom, i korte periodar, lengtar attende til den politiske arenaen. Når ordskifte gjeng varmt i avisspalte­ne, eller i Kringkasti­nga, ja då rykkjer det eit grann i den høgreiste og velfødde lekamen.

Lekamen tilhøyrand­e ein ektefødd sosialdemo­krat frå Bjelland. Mangeårig ordførar for Arbeiderpa­rtiet – og mektig imponert over Erna Solberg som stasminist­er.

 ?? FOTO: ØYSTEIN MOI ?? Ordføraren i Evje og Hornnes, Bjørn A. Ropstad, saknar Ånen Trygsland i ordførarko­llegiet. Han naerast trugar bjelldølen attende til politikken. – Alt til si tid, er svaret frå den populaere varmepumpe­seljaren.
FOTO: ØYSTEIN MOI Ordføraren i Evje og Hornnes, Bjørn A. Ropstad, saknar Ånen Trygsland i ordførarko­llegiet. Han naerast trugar bjelldølen attende til politikken. – Alt til si tid, er svaret frå den populaere varmepumpe­seljaren.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway