Fædrelandsvennen

På tide med fleire gode veger

- JON GEORG DALE samferdsel­sminister, FRP

Vi byggjer landet. Det er eitt av regjeringa­s hovudmål. Betre infrastruk­tur styrkjer naeringsli­vets konkurrans­e, og utvider bo- og arbeidsreg­ionar. Det gjer det både mogleg og meir attraktivt å etablere seg utanfor bysentrum.

Vi har for så vidt ikkje mangla planer for betre infrastruk­tur i Noreg. Men det har skorta på gjennomfør­inga. Ting har blitt gjort stykkevis og delt. Regjeringa endrar på det. Mellom anna byggjer vi ut gode veger som har vaert sårt trengde og etterspurd­e i mange år.

Naturvernf­orbundetog Natur og Ungdom skriv i eit debattinnl­egg om det dei omtalar som regjeringa­s motorvegga­lskap, og karakteris­erer planane om ny firefelts motorveg mellom Stavanger og Kristiansa­nd som planar ute av proporsjon­ar. Eg er ikkje einig. God infrastruk­tur er ei investerin­g i framtidig velferd og velstand, og betre veger skapar ein betre reisekvard­ag for pendlarar, godstrafik­k og oss alle. E 39 mellom Stavanger og Kristiansa­nd er ein viktig ferdselsår­e lokalt og regionalt. Ein ny og betre veg vil gje vesentleg kortare og meir behageleg reiseveg mellom dei to byane.

Auka trafikktry­ggleik er ei hovudsatsi­ng for regjeringa. Trygge og sikre veger er vesentleg i arbeidet med trafikktry­ggleiken. Både lang reisetid, men ikkje minst fleire ulykker viser at strekninga mellom Stavanger og Kristiansa­nd ikkje tilfredsst­iller dagens og framtidas krav. Ein ny trafikktry­gg veg vil gje drastisk reduksjon i risiko for ulykker. Vi såg at fram- skynda opning av E 18 i Vestfold umiddelbar­t gav faerre ulykker.

Naturvernf­orbundet og Natur og Ungdom er bekymra for jordvernet og miljøet. Men jordvern er ikkje noko vi har gløymt. Når vi planlegg ny infrastruk­tur så er jordvern eksplisitt ein viktig føresetnad for lokaliseri­ng og utforming av alle tiltak. Det same gjeld andre miljøomsyn som naturmangf­ald, kulturarv og friluftsli­v. Når det kjem til jordvern, har faktisk denne regjeringa oppnådd ein reduksjon i nedbygging av dyrka jord samtidig som vi har kraftig vekst i vegbygging.

Dei to naturverno­rganisasjo­nane meiner også det er bortkasta pengar å satse på jernbane samtidig som vi byggjer veg. Eg kunne ikkje vert meir ueinig. Denne regjeringa­s storstilte jernbanesa­tsing gjer passasjera­r og naeringsli­v eit stadig betre togtilbod. Vi ser ein kraftig vekst i talet på reisande, og de reisande er meir tilfredse. Talet på avgangar aukar, og togstallen vert stadig oppgradert. Ein viktig grunn er regjeringa­s satsing på vedlikehal­d. Og satsinga held fram. I siste Nasjonal transportp­lan har vi lagt inn ei eiga godspakke med målretta tiltak som skal styrkje konkurrans­eevna til den skinnegåan­de transporte­n ytterlegar­e.

Det er positivt for både miljø, trafikktry­ggleik og framkome at både folk og gods vert frakta på jernbanen i staden for på vegen der det er høveleg. Samtidig må vi satse på betre veger. For sjølv om vi både byggjer betre jernbane og kollektivt­rafikk, er mange framleis avhengig av bil. Over 60 store vegprosjek­t er under bygging. Ikkje fordi det er gøy, men fordi det bindar landet vårt betre saman.

Vi må heller ikkje gløyme at morgondage­ns bilpark vil vere både grønare og smartare enn i dag. Nok ein grunn til at vi framleis skal tenke på korleis vi kan byggje ut betre veger.

Det som Naturvernf­orbundet og Natur og Ungdom kallar galskap, kallar eg sunn fornuft.

Vi må heller ikkje gløyme at morgondage­ns bilpark vil vere både grønare og smartare enn i dag.

 ?? FOTO: KJETIL REITE ?? – Over 60 store vegprosjek­t er under bygging. Ikkje fordi det er gøy, men fordi det bindar landet vårt betre saman, skriv Jon Georg Dale, samferdsel­sminister.
FOTO: KJETIL REITE – Over 60 store vegprosjek­t er under bygging. Ikkje fordi det er gøy, men fordi det bindar landet vårt betre saman, skriv Jon Georg Dale, samferdsel­sminister.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway