Fædrelandsvennen

Folk tykkjer det er tøft at eg driv med dette.

Nyinnspelt hardingfel­emusikk fra Agder er sjeldan. Enno meir uvanleg er det at ei ung kvinne står bak.

- TEKST: TORGEIR EIKELAND torgeir.eikeland@fvn.no

– Det var ikkje før eg kom på kappleikar at eg møtte andre på min eigen alder som heldt på med dette, seier Johanne Flottorp (27) frå Åmli. Hardingfel­espelaren kom nettopp ut med ei sjølvtitul­ert debutplåte med både klassiske setesdalss­låttar, slåttar frå Vest-telemark og Tovdals-slåttar ho har laert av sambygding­en Salve Austenå (92).

– Det var meg og Salve som var hardingefe­lemiljøet i Åmli. Det var sjølvsagt fleire som spelte hardingfel­e i kulturskul­en, men ikkje så mange som heldt fram etter ungdomstid­a, seier Johanne som spelar solokonser­t på Vaktbua i Kristiansa­nd på tysdag. (Ho er óg med i americanab­andet The Northern Belle som spelar saman med Silver Lining på Hos Naboen laurdag 27. oktober.)

DEI ANDRE LO

Johanne Flottorp gjekk ut frå Noregs musikkhøgs­kule i 2017 og jobbar no som musikar og musikklaer­ar med base i Oslo. Ingen av foreldra spelar hardingfel­e, så dette var ikkje noko ho fekk inn med morsmjølka.

– Men vi høyrde mykje forskjelli­g musikk heime, og eg likte Bukkene Bruse. Då eg gjekk i første klasse skulle alle ta med ein CD med musikk dei likte til skulen. Eg skjønte ikkje kvifor dei andre lo av musikken min. Eg tykte det var dei som var rare og ikkje eg, seier Johanne.

ANNBJØRG LIEN

Ho var seks år då ho først prøvde hardingfel­a på kulturskul­en i Åmli, og snart var ho i laera hos spelemanne­n Salve Austenå som då var 70 år. Han har sidan vore den viktigaste laeremeist­aren hennar. Seinare har Johanne mellom anna også hatt Annbjørg Lien frå nettopp Bukkene Bruse som laerar. På plata finn ein både ting ho har spelt sidan ho var ti år og ting ho har laert seg heilt i det siste. Og resultatet er altså noko som er nokså uvanleg:

– Mange unge spelar folkemusik­k, men det er lenge sidan nokon frå Aust-agder utanom Setesdal har gjeve ut soloplate med hardingfel­e, seier Flottorp.

SOLOSPEL

– Korleis blir du motteken med denne musikken?

– Folk tykkjer det er tøft at eg driv på med dette, både dei innanfor og utanfor folkemusik­kmiljøet. Eg har spelt seks solokonser­tar i haust, seier Johanne som er heilt åleine på scenen når ho opptrer.

– Det er noko godt med dette å stå åleine og ha ansvaret sjølv. Eg merker også at det er interesse frå det utanlandsk­e folkemusik­kmiljøet for denne sjangeren. Dette med solospel er eit saermerke for folkemusik­ken i Noreg, seier ho.

Plata er spela inn på selskapet Ta:lik i Ormøy kyrkje, og innspeling­a er støtta av mellom anna Kulturråde­t og Austagder fylkeskomm­une.

 ?? FOTO: HEIDI FURRE ?? Johanne Flottorp (27) har spelt hardingfel­e i 21 år.
FOTO: HEIDI FURRE Johanne Flottorp (27) har spelt hardingfel­e i 21 år.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway