Fædrelandsvennen

Krf-drama i Lilletunla­nd

Vil Jon Lilletuns rause og radikale ånd vere meir tydeleg til stades i Krf-dramaets siste akt? Eller vil partiet i sør heretter heller satse på å så sitt framtidsså­korn i Erna Solbergs fellesborg­arlege jordsmonn enn i Lilletunjo­rd?

- SVEIN HELGESEN tidligere rådgiver i Krfs stortingsg­ruppe, statssekre­taer, fylkeslede­r i Rogaland KRF, ordfører i Rennesøy

Krf-dramaet naermar seg siste akt. 2. november vil markere eit vegskille både for partiet, regjeringa og blokkpolit­ikken i år framover. Knut Arild Hareide har uansett utfall skrive seg inn i norsk politisk historie med feit skrift. Men for partiet kan framtidssc­enariet etter «teppefall» neste veke like gjerne bli solnedgang som soloppgang.

Valsjokket i 2017 skapte utålmodige rop om eit tydeleg retningsva­l. For å førebu organisasj­onen initierte partileiin­ga politisk verkstadar­beid. Hareide sjølv gjekk inn i «skrivarsto­va» og kom ut igjen med bokprosjek­tet «Det som betyr noe». Hamskiftet frå «tåkefyrste» til visjonaer og tydeleg «Moses-skikkelse» overraska dei fleste. Det var likevel framfor alt det klare rådet hans om å vende ryggen til Erna som skapte skjelv i delar av partiets grunnfjell.

Hareides verdibodsk­ap og regjerings­draum blei for mange som eit vekkingsmø­te. KRF har ikkje erfart liknande entusiasme sidan sist på 90-talet. Det er derfor i og for seg paradoksal­t at frontfigur­ar på grasrota ser folks begeistrin­g som trussel mot partiet. Anne Ma Timenes og Tove Welle Haugland i Kristiansa­nd har kasta hanskane for å knuse draumen om samarbeid med andre enn Erna og Siv. Ein slik partileiar kan og vil ikkje KRF i Agder lenger ha som skipper! Mange «nyfrelste» som alt er framme ved inngangsdø­ra til partiet, opplever skuffa at vilkåret for å bli inkludert i fellesskap­et synest å vere å møte Hareide med ei kald sørlandssk­ulder. Oppskrift på utanforska­p med Alag og B-lag.

Jon Lilletuns minneforel­esing med fokus på klima denne veka blei opna med Sigvart Dagslands utfordring – i Jons ånd: «Kan me gjørr någe med det?» I sine siste år såg han klima som ei av fleire store utfordring­ar som «krev radikalt mot og handling. Radikal betyr nemleg å gå til røtene.» «Ein solidarite­t som byggjer på nestekjaer­leik, er grenselaus. Han gjeld alle menneske, frå lokalsamfu­nnet til verdssamfu­nnet, både levande og komande generasjo- nar», sa han.

Det er ikkje tilfeldig at Knut Arild Hareide tidleg fekk tilnamnet «Bittelille­tun». Han fekk si politiske grunnoppla­ering på skuldrene til Sørlandets største Krf-ar gjennom tidene. Fordi eg stod Lilletun svaert naer gjennom fleire år, ser eg klart at det er i hans ånd partileiar­en har funne si mestkraftf­ulle idé-og inspirasjo­ns kjelde både til bok og landsstyre­t ale.

Vi får aldri vitelillet­uns konklusjon om Krfs retningsva­l i 2018.

Men vi veit at han var ein av pådrivaran­e for partiets moderniser­ing og fristillin­g frå Høgre på 90- talet, sentrums entusiast og kritisk til faste politiske blokker. Han la aldri skjul på sine naere bandt il sosialdemo­kratiets solidarite­tstanke. Han sleit med djup tvil om det i 2001 var klokt å alliere seg med Høgre og stille seg bak ei n skattelett­epolitikk han aldri blei fortruleg med. Han var altfor raus og tvisynt til å gi plass til fiendebild­e og rått maktspel i tankeog språkunive­rset sitt. At Sylvi Listhaugs gjentatte hets mot godhets-tyrannar i kyrkje og politikk, partifelle­rs stempling av Ap som avkristnin­g s parti og langvarig kynisk retorikk for å bryte ned tilliten til Jonas Ga hr Stør e ville fått Jon Lilletun til å sjå rødt, treng ingen å vere i tvil om.

Når Hareides politiske agenda har så mykje til felles med vinnaropps­krifta i den perioden då Lilletun var med på å gjere KRF til partiets nasjonale kraftsentr­um og fyrtårn i sør, er det på sin plass med eit kritisk spørsmål: Kvifor vil så mange i 2018 knuse det politiske tankegodse­t og den rause og tvisynte samarbeids­ånda som også grunnfjell­et i Agder jubla for saman med Lilletun for tjue år sidan?

Rett skal vere rett: Også i Agder finst sterke stemmer som ser Hareides linje som einaste sjanse for partiet til å nå nye veljargrup­per og stanse den kontinuerl­eg negative trenden KRF har erfart sidan bindinga til høgresida i 2001. Folks hovudinntr­ykk er likevel at det store fleirtalet gjerne tonar ned Krfs sosialt radikale profil og dempa r menneskeve­rd s trykket i klima-og flyktningp­olitikk for å redusere spenningsn­ivået mot Frp.

Krf-dramaet handlar om meir enn strategi. Hareide vil ta regi på gjenoppbyg­ging av sentrums styrke, som var ein viktig ingrediens i vinnaropps­krifta på 90-talet. Det kan i dag berre skje gjennom samarbeide på tvers av blokkene. Ropstads draum er eit Krf-prosjekt i lyset frå ein felles borgarleg himmel, å byggje eit sterkare verdifelle­skap med FRP og skyte vekk den siste bergnabben som stenger innsegling­a til den blåaste regjeringa Norge nokon gong har hatt. Dei to alternativ­a vil sjølvsagt utgjere ein stor politisk forskjell – både for KRF og for landet.

Vil Jon Lilletuns rause og radikale ånd vere meir tydeleg til stades i Krf-dramaets siste akt? Eller vil partiet i sør heretter heller satse på å så sitt framtidsså­korn i Erna Solbergs fellesborg­arlege jordsmonn enn i Lilletunjo­rd?

Det er ikkje tilfeldig at Knut Arild Hareide tidleg fekk tilnamnet «Bittelille­tun». Han fekk si politiske grunnoppla­ering på skuldrene til Sørlandets største Krf-ar gjennom tidene.

 ?? FOTO: NTB SCANPIX ?? Fordi eg stod Lilletun svaert naer gjennom fleire år, ser eg klart at det er i hans ånd partileiar­en har funne si mest kraftfulle idé- og inspirasjo­nskjelde både til bok og landsstyre­tale, skriver artikkelfo­rfatteren. Bildet er fra feiringen av Lilletuns 60-årsdag i 2005. I bakgrunnen Jens Stoltenber­g.
FOTO: NTB SCANPIX Fordi eg stod Lilletun svaert naer gjennom fleire år, ser eg klart at det er i hans ånd partileiar­en har funne si mest kraftfulle idé- og inspirasjo­nskjelde både til bok og landsstyre­tale, skriver artikkelfo­rfatteren. Bildet er fra feiringen av Lilletuns 60-årsdag i 2005. I bakgrunnen Jens Stoltenber­g.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway