Fædrelandsvennen

50 år siden

-

30. OKTOBER 1968

●●Haustbrev frå Åseral. Hausten er komen. Graset visnar og liene gulnar. Haustarbei­det er unnagjort på gardane og kvinnene har sydd seg Sørlandsbu­nad. Ved eit 6 dagers bunadskurs som Åseral bondekvinn­elag nyleg hadde ved Kylland skule, fekk 9 kvinner seg ei ny drakt med sylvknappe­r i så det lyste. Fuglejakta i heiane i haust har helst vore vellukka. Dei mest heldige jaktlaga fekk seg over 100 fuglar, men somme var nede i 30 fuglar og endå lågare. Det skulle vere dårlegast i høgfjellet, betre i lågare heidrag. Om reinjakta trudde ein formann at det vart skote ca. 35 rein. Han i Viltnemda som vi snakka med, hadde ikkje så sikker oppgåve ennå, men trudde det vart nokolunde slikt. Meldar.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway