Fædrelandsvennen

Sløsing med natur og pengar

-

Samferdsel­sminister Jon Georg Dale (Frp) forsvarer vegpolitik­ken i eit innlegg i Faedreland­svennen 9. oktober, etter at Naturvernf­orbundet og Natur og Ungdom karakteris­erte vegplanane mellom Kristiansa­nd og Stavanger for galskap i eit synspunkt her i førre månad.

●●Dale skriv at dei nye motorvegan­e «gjer det både mogleg og meir attraktivt å etablere seg utanfor bysentrum». Ja, folk skal kunne bo i distrikta, og vi skal ha gode lokalsamfu­nn. Men eit problem med nye, raske vegar er at dei nettopp bidrar til at byar og tettstader esar utover og skaper meir trafikk. Ei slik byspreiing er og i strid med statens planretnin­gsliner for bustads-, areal- og transportp­lanlegging.

Galskapen i vegplanane ligg i summen av naturøydel­eggingar, trafikkauk­e og pengebruk. Vegplanane er kraftig overdimens­jonerte og vil difor legge store areal under asfalt og splitte opp naturog friluftsom­råde. Overdimens­jonerte vegar kostar og mykje pengar, som staten og bilistane må punge ut for. At ein statsråd frå Frp ønskjer slik offentleg pengebruk, er verd refleksjon­ar.

Dale og Frp liker å skryte av at dei brukar mykje pengar på jernbana. Og det er bra etter mange års sultefôrin­g. Men med dei vegane Dale og co. nå vil byggje ut, vil jernbana ha liten sjanse til å konkurrere mange stader. Fleire av baneinvest­eringane kan fort bli meiningsla­use om det først kjem ein firefelts motorveg med fartsgrens­e 110 km/t eller meir.

Konsekvens­ane ser vi alt i dag. Der vegane vert bygd ut, taper toget. Godstransp­ort på bane mellom Göteborg og Oslo er nesten heilt borte – der den samanhenga­nde firefeltsv­egen er ei av årsakene. Store utbygginga­r mellom Oslo og Telemark og dels i Agder har styrka vegtrafikk­en si konkurrans­ekraft i forhold til toget. Godstransp­ort på bane slit i konkurrans­en med lastebilen, og selskapet

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway