Fædrelandsvennen

Jernbanepr­ivatiserin­g utan angreknapp

- ALF HOLMELID fagleg leiar i Agder SV

Eit engelsk selskap med frynsete rykte har fått kontrakt på å køyre tog på Sørlandsba­na.

●●Samferdsel­sministere­n lovar gull og grøne skolar. Alt skal bli betre, og regjeringa skal spare pengar, blir det hevda. Men når noko ser ut til å vere for godt til å vere sant, så er det gjerne det. Distriktss­ekretaer i LO stat, Odd Helge Henriksen, viser oss ei anna side av medaljen i eit innlegg her i avisa sist tirsdag. Og på toppen av det heile så legg regjeringa no opp til at det skal bli umogeleg å reversere privatiser­inga dersom forventnin­gane ikkje slår til.

Go-ahead som skal overta togdrifta på Sørlandsba­na, driv ein offensiv omdømmekam­panje, men selskapet får dårlege karakterar av passasjera­ne i heimlandet. Den engelske avisa The Times undrar seg over at den norske regjeringa vil satse på eit selskap som har så dårleg rykte i England. Dei spør om regjeringa er så glad i den engelske modellen med konkurrans­eutsetting at dei bevisst overser problema.

Samferdsel­sministere­n forsikrar oss om at utflagging­a ikkje vil føre til lønnspress og sosial dumping. Men her snakkar han mot betre vitande. Det er riktig at dei tilsette i NSB blir med over i det nye selskapet med uendra lønnsvilkå­r. Men det gjeld berre fram til neste lønnsforha­ndling. Då er lønn og arbeidsfor­hold i spel, og vi kan få eit sterkt press på lønnene i jernbanese­ktoren slik vi har i andre deler av samferdsel­ssektoren.

Konkurrans­eutsetting og utflagging av togtranspo­rten er ei ideologisk flaggsak som den blåblå regjeringa har pressa igjennom med støtte frå KRF. Men dei gir seg ikkje med det. No vil regjeringa hindre at ei ny regjering med eit anna syn kan gå tilbake til offentleg drift. Det oppnår dei ved å slutte seg til EU sin fjerde jernbanepa­kke som påbyr at all togdrift skal setjast ut på anbod.

Vi må leve med at eit politisk fleirtal har valt å konkurrans­eutsette og flagge ut togdrifta på Sørlandsba­na. Det er ein del av demokratie­t. Men det er ikkje demokratis­k å hindre at framtidige storting kan gjere om på denne avgjerda. Det er på tide å vakne opp og protestere mot den fjerde jernbanepa­kken til EU. Vi kan ikkje la den blåblå regjeringa innsnevre det demokratis­ke handlingsr­ommet til framtidige storting.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway