Fædrelandsvennen

Fengsel kan rehabilite­re Kjell Ingolf

-

Det er ikkje berre ureint trav når det gjeld delegatval og abortkluss dei siste månadene som har øydelagt for Kristeleg Folkeparti.

●●Dei siste åra har hestehande­l med regjeringa på to viktige område bunde partiet på hender og føter og hindra det i å endre standpunkt, sjølv når mest alle i partiet innser at det ber galt av stad.

Den eine hestehande­len var fylkessama­nslåinga, som KRF lova å støtte mot at dei vanlege kommunane ikkje skulle tvingast til samanslåin­g. For å stanse dei galnaste samanslåin­gane – Viken og Troms/finnmark – ville KRF, for ikkje å bryte avtalen, måtte overtyde regjerings­partia til å snu, men desse har lagt så mykje prestisje i saka at det er umogleg. Her er det berre eit nytt stortingsf­leirtal om tre år som kan reversere ei eller fleire fylkessama­nslåingar.

Den andre hestehande­len har derimot KRF stor sjanse til å få omgjort i dei pågåande regjerings­forhandlin­gane: Vedtaka om den meiningsla­use nedlegging­a av det flotte opne og rimelege fengselsti­lbodet i Fyresdal hadde Kjell Ingolf Ropstad, som andre nestleiar i justiskomi­téen, hovudansva­ret for. Etter at han fekk forhandla seg fram til eit nytt fengselsti­lbod i heimkommun­en Evje og Hornnes, har KRF gått med på stadige vedtak om nedlegging i Fyresdal, sist i revidert statsbudsj­ett i vår. Den raudgrøne opposisjon­en røysta då mot nedlegging­a, og dette synet hadde fått fleirtal dersom KRF hadde vore med.

Men så kom det eit ljospunkt i statsbudsj­ettet som nett er vedtatt. Då fekk KRF faktisk gjennomsla­g for driftsmidl­ar til Fyresdal for endå eitt år! Og den neste månaden kan Kjell Ingolf gå vidare og sette som vilkår for regjerings­deltaking at Høgre, Venstre og Framstegsp­artiet går med på å oppheve hestehande­len om Fyresdal fengsel. Då vil både nestleiare­n og resten av KRF vere på god veg til å rehabilite­re seg i høve til dagens mistillit og dårlege omdømme! VIDAR TOREID Bygland Arbeidarpa­rti

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway