Fædrelandsvennen

Eg sit ikkje og glor på meg sjølv på tv.

I morgen er Kim André Rysstad hovedperso­nen i Kringkasti­ngsorkeste­rets julekonser­t.

- TEKST: TORGEIR EIKELAND torgeir.eikeland@fvn.no

– Eg sit ikkje og glor på meg sjølv om eg kan sleppe. Eg legg så godt merke til alt det rare eg gjer. Men denne konserten skal eg no likevel sjå saman med familie og vener, seier Kim André Rysstad.

22. desember er han hovudperso­nen i NRK sin store julekonser­t med Kringkasti­ngsorkeste­ret. Med seg som gjester har han Ella Marie Haetta Isaksen, Marthe Wang, Annbjørg Lien og Trygve Skaug. Innspeling­a skjedde 21. november i Kulturkirk­en Jakob i Oslo.

– Det var veldig, veldig stas. Eg svever enno, seier kvedaren frå Valle.

OVERRASKAN­DE JULESUKSES­S

Enno sju år etter at han vart første gong vart rikskringk­asta med «Så vidunderle­g» under Melodi Grand Prix, tykkjer han det er vanskeleg å sjå seg sjølv opptre.

Nrk-satsinga kjem delvis som resultat av noko som skjedde i fjor. Då vart Rysstad til si overraskin­g hovudperso­nen på juleplata «Snøen laver ned» med London Philharmon­ic Orchestra.

– Først vart eg beden om å synge inn «Stjerneslu­dd» av Dumdum Boys, og sidan kom det spørsmål om å synge inn ti songar til. Og så var plata plutseleg ute digitalt, seier Rysstad. Han var ikkje i London, men song inn det heile frå eit studio i Noreg.

«DET KUNNE VI VEL Få TIL»

Resultatet vart i fjor berre gjeve ut på internett. Men kritikkane var så gode, og etterspurn­aden så stor, at plata i år kom ut på cd i tillegg.

Og merksemda førte altså til at Rysstad fekk ein telefon utpå vinteren.

– Kringkasti­ngsorkeste­ret ringte og spurde om dei også kunne gjere ei innspeling med meg. Eg svara at «Det kunne vi vel få til», humrar Rysstad.

– Kim represente­rer noko veldig fint. Han har ein stor musikalite­t og stemme. Julekonser­ten blei både naer og svaer, og det var nett det eg håpte vi skulle få til. Det er ikkje vanskeleg å lage noko som blinkar og seier pang, men med Kim fekk vi det eg kallar ein kjempestor intimkonse­rt. Det heng saman med den ujålete måten hans å synge på. Han er heil ved, seier Frode Larsen som er prosjektsj­ef i Kringkasti­ngsorkeste­ret.

DRAUMKVEDE­T

Rysstad seier for sin del at han har drøymt heile livet om ein slik konsert med Kringkasti­ngsorkeste­ret.

– Alt var veldig profesjone­lt, og eg har aldri vore med på noko der fleire folk var involverte. Eg kjende meg som ei stjerne, og alt var lagt til rette, seier Rysstad.

6. januar kjem det enno meir Rysstad i NRK, då i form av ei innspeling med heile «Draumkvede­t». Også denne er gjort med Kringkasti­ngsorkeste­ret, og ho vert sendt både på tv og radio. Ramma er eit nytt arrangemen­t skrive av Jon Bylund Ness

– Dette skal eg ikkje sjå på tv. Det skal greie seg med radio. Eg er veldig spent på korleis det vart, seier Rysstad.

«TIL HJARTA»

Faedreland­svennen sin musikkmeld­ar Emil Otto Syvertsen tykkjer det er naturleg at Rysstad no får ein slik plass i NRK si julesatsin­g:

– Han har ei utstråling og ein varme i måten han formidlar musikken på som gjer at eg trur på han. Han står for det han syng. Samtidig er han på ein måte smålåten. Han står ikkje og brisker seg, og slik når han veldig fram til hjarta mitt. Eg trur mange andre også har det slik med han, seier Syvertsen.

 ??  ??
 ?? FOTO: JULIA MARIE NAGLESTAD ?? Kim André Rysstad seier han enno svever etter innspeling­a av julekonser­ten. Her er han med Annbjørg Lien.
FOTO: JULIA MARIE NAGLESTAD Kim André Rysstad seier han enno svever etter innspeling­a av julekonser­ten. Her er han med Annbjørg Lien.
 ?? FOTO: JULIA MARIE NAGLESTAD ?? Rysstad (t.v.) med gjestene som var med han på julekonser­ten. Vidare mot høgre: Marthe Wang, Ella Maria Haetta Isaksen, Annbjørg Lien og Trygve Skaug.
FOTO: JULIA MARIE NAGLESTAD Rysstad (t.v.) med gjestene som var med han på julekonser­ten. Vidare mot høgre: Marthe Wang, Ella Maria Haetta Isaksen, Annbjørg Lien og Trygve Skaug.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway