Fædrelandsvennen

Laert seg å setje pris på dei små augneblikk­a i livet

-

Eg er i grunnen him– la nøgd med den røysta eg er utstyrt med frå naturens side. Eit resultat av arv og miljø – eit resultat av eit levd liv. Freistar så visst ikkje å etterlikne store verdsstjer­ner frå den musikalske stjernehim­melen. Eg vil vere meg sjølve, både i kvardag og fest. P.G.

Stølen er mitt eige merkenamn, mitt eige varemerke.

FRIKVARTER­ET I LIVET

Eg møter 1962-modellen Per Gunnar Stølen heime i kjøkkenkro­ken i Sagebakken 29, på Strai. Det er førjolstid. Blenkjande talgljos på bordet, nisse i stoveglase­t – og stuttreist marsipan som vomfyll til ein omreisande bladfyk.

P. G. hentar gitaren. Meir enn 130 songar he han komponert sjølve. Både tekst og melodi. Alt er gjeve ut på plate – eller på CD, eller kva tusan det heiter no til dags... Ei salig blanding av balladar, countrymus­ikk og country-rock.

– Musikken er på mange måtar mitt frikvarter i livet. Eit av mine heilt naudsynte energipunk­t i kvardagen.

Som nyutdanna laerar fekk han tilbod om sin aller fyrste laerarjobb på Evje, tidleg på 90-talet. P.G. var alt då eit kjend namn i musikkmilj­øet på Sørlandet. Han hadde tross alt spelt i «Halleluja Band,» i «Stølen og Fjellvang

Band» – og ikkje for å gløyme i det vidgjetne og svaert så populaere «

P.G. Stølen & the riders of good news.»

LIVET SNUDD På HOVUDET

Saman med kjaerasten, Pia, byrja han å leggje planar for framtida. Dei byrja å stake seg ut retninga på livsvegen. Kjaerleike­n var sterk. Livet var godt å leve. På mange måtar problemfri­tt.

Det er 18 år sidan no. Petrine kom til verda. Ein katastrofa­l tabbe på sjukehuset er skuld i at Petrine i dag er 100 prosent pleietreng­jande. 24 timar i døgeret. Kvar dag. Heile året. Petrine treng hjelp til absolutt alt.

– I løpet av nokre få hektiske minutt vart livet vårt snudd fullstendi­g på hovudet. Livet er kort. Livet er stundom dramatisk og uskjøneleg. Tak vare på stunda. Tak vare på kvarandre. Me veit så forbaska lite om morgondage­n.

Eg vert fortald ei gripande historie. P.G. er fast i blikket. Mjuk i røysta. Dette er tankar, og ord, han truleg sjølve he hatt i hovudet kvar einaste dag. Kvar einaste natt. Dei siste 18 åra. Om livet som vart snudd på hovudet. Om ein heim som aldri meir vart den same. Ikkje minst om den djupe og ekte kjaerleike­n til si eiga dotter. Petrine. Om kjaerleike­n til Pia.

I dag er P.G. omsorgsarb­eidar på heiltid. I si eiga stove. Pedagogikk­en er lagt på hylla.

– Eg tok eit val i livet. Eit val eg sjølvsagt aldri vil – og aldri kan angre på. Når eg held Petrine i handa, når ho stundom smilar til meg – ja då er dagen redda for meg. Då føler eg på mange måtar at eg he nådd den øvste toppen av karrierest­igen min.

EIN KREVJANDE JOBB

– Det er nok slik at eg skriv dei aller beste tekstene når eg er litt på felgen – litt deprimert om du vil. Det er ofte då dei djupaste, dei mest kreative tankane kjem drivande. Frå ein eller annan gøymestad eg ikkje heilt kan namnet på. Sjølvsagt gjeng livet i bølgjedala­r for meg og, slik det gjer for deg Øystein – og slik det gjer for dei aller fleste av våre medmennesk­je. Dei fleste i grannelage­t.

– Eg he på mange måtar ein tøff jobb. Ein krevjande jobb. Ja, eg he møtt veggen. Hardt og brutalt. Då var musikken god å ha. Då alt, då sjølve livet var på veg inn i den mørke tunnelen – ja då var musikken eit solid ankerfeste. Då var gitaren ein trugen ven. Då var timane attmed elva, med fiskestong­a og med kaffebålet, som balsam for sjela. For tankane. For livet. For Petrine.

– Det er tale om heilt magiske augneblikk når laksen brått bit seg fast i kroken. Når stonga bøyer seg mot vassflata – når middagsmat­en er både kortreist , sjølvfiska og velsmakand­e. Det er slike augneblikk eg meir og meir he laert meg å setje så umåteleg pris på. Det er viktig å vere nøgd med det livet me har. Å vere nøgd med livet slik det er.

NISSEN På SKILTLAUS MOPED

– Eg ynskjer meg så visst ikkje fleire ting – eg ynskjer meg heller meir tid til å kunne bruke dei tinga eg allereie har. Gitaren. Fiskestong­a. Fjellskoa – og primusen. Det vert diverre så altfor sjeldan tid til slikt. I mitt yrke talar me ikkje om tariff-festa arbeidstid eller lovpålagt ferie – og fritid. Sist veke heldt eg konsert for ein gjeng med flotte jenter på Dølen Hotell på Evje. Ein fantastisk kveld. Eit frikvarter eg seint vil gløyme. Ei oppleving eg kan leve lenge på. Det er viktig å lade opp batteria, take vare på nettverket. Ein god latter. Faste handtrykk og gode ord.

Siste Cd-plata, signert P.G. Stølen, kom på marknaden no like før jol. Eigne tekster. Om jolenissen som ikkje kjem med slede frå Nordpolen, men som kjem på ein skiltlaus moped, øve Kulia – frå Greipstad.

Det stundar mot kveld. Mot natt. Det stundar mot eit heilt nytt år. Eg set kursen nordetter dalen. Passerer både Skarpengla­nd, Frivoll og Eikeland. Tankefull. Spørjande.

Livet er på mange måtar urettferdi­g.

 ?? FOTO: ØYSTEIN MOI ??
FOTO: ØYSTEIN MOI

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway