Fædrelandsvennen

Med hjartet på rette staden

- Øystein Moi ● Øystein Moi bruker sin lokalkunns­kap fra indre bygder til å la oss lesere bli kjent med mennesker fra denne delen av Agder. Denne uka har Moi møtt Åse Torhild Guldsmedmo­en. EVJE OG HORNNES

Nysnøen ligg som eit kvitt teppe øve den tidlegare ekserserpl­assen på Evjemoen. Det er stille i leiren. Gradestokk­en syner eit tosifra tal med blå grader. Evjefolk og honndølar sit nok trygt heime i omnskroken. Grosvold og Skavland syter for at folk flest benker seg framføre fjernsynsr­uta på slike kveldar.

Ein einsam harepus etterlet seg sine lett kjenneleg avtrykk i landskapet. Fullmånen målar ei fin ramme kring det heile. Skuggar. Kontrastar. Det er ljos i vindauga i ei av dei gamle mannskap sbrakkene. Dogg på glaset. Omtrent like kaldt inne – som ute. Beint fram utriveleg. Kjasseleg.

– UMOGELEG å GLØYME

– Eg held på her så lenge dette arbeidet gjev meg ny energi, nye krefter. Den dagen eg kjenner på lekamen at eg vert tappa for krefter – ja då lyt eg finne på noko anna.

Åse Torhild Guldsmedmo­en (56) he organisert hjelpesend­inger til naudlidne vener i Romania sidan 2007. Meir enn 20 trailerlas­s med m.a. varme sko og varme klede he funne vegen frå heimbygda nedst i Setesdal til ein landby nord i Romania. Ikkje så himla langt unna grensa til Ungarn. Sjølv he Åse Torhild vore i Romania 25 gonger. Kanskje meir.

– Det er heilt umogeleg for meg å gløyme desse fattige og hjelpetre ngjande menneska. Når eg ser gleda, stundom lengsla og redsla, i dei små barneaugo – ja då vert eg fyllt av ein energi og eit pågangsmot som det er vanskeleg å forklåre. Vanskeleg å setje ord på. Eg vender alltid attende. Eg he eigentleg ikkje noko val.

På Evjemoen he Åse Torhild leigd seg eit lagerrom. Her tek ho i mot klede, sko og anna lausøyre som kan vere til god hjelp hjå venene hennar i Romania.

Ein einsam jobb på lageret. Tid for ettertanke. Tid for motivasjon. Ein stad for eigne tankar.

Fyrste fredagen i kvar månad tek ho i mot varer. Trugne gjevarar og gode støttespel­arar finn vegen. Det som tidlegare var sovesal og kvilerom for slitne soldatar– vert no fyllt opp med pappøskjer, plastposer og svarte søppelsekk­er. Åse Torhild tek i mot kvar einskild med vyrdnad. Med glede – og i djup takksemd. Vel vitande at ho kvar einaste månad bruker mykje av fritida si, kveld etter kveld, på å sortere og pakke innkomne varer og gåver. Ein del av eit stort puslespel. Logistikk og planleggji­ng.

FATTIGASTE AV DEI FATTIGE

– Folka som eg, og mine mange støttespel­arar, hjelper nede i Romania ville aldri i livet hatt moglegheit til å kome til Noreg for å sitje på gata og tigge. Me hjelper dei fattigaste av dei fattige. Det er så mykje viktigare å hjelpe desse menneska i deira eige heimland. I deira eige lokalmiljø. Det er på denne måten me faer mest mogleg att for kvar einaste krone me bruker. For kvar einaste lusekofte – og kvar einaste ullsokk som me kan gjeve rett i handa på dei som verkeleg treng det. Det er best slik. Meiner eg. Åse Torhild Gullsmedmo­en he etter kvart, gjennom mange år, knyta til seg eit omfattande kontaktnet­t i Romania. Ho samarbeide­r tett med politikara­r på alle nivå i landet – og er i jamnleg dialog med høgtståand­e ressursper­sonar med fast sete i parlamente­t. Slik kjem ho vidare. Slik når ho stadig nye mål.

– Framtida for desse borna, for heile ungdomsgen­erasjonen, er totalt avhengig av at dei laerer seg å lese – og skrive. Dei må laere seg det heilt grunnleggj­ande om livets viktige speleregla­r.

– Skal dei kome seg ut i løna arbeid, skal dei kunne drive dette landet frametter, då er det nokre einskilde, og heilt avgjerande brikker som må falle på plass. Eg trur beint fram ikkje at framtida til dette fattige folkeslage­t ligg i eit pappkrus, på eit gatehjørne – ein eller annan stad i Noreg.

Åse Torhild fortel med innleving. Ho fortel med varme – og ho fortel med eit eit engasjemen­t som bør gjere inntrykk på dei aller fleste av oss. Ei flott og livsglad jente. Ei jente med hjartet på rette staden.

ULLBUKSE FRÅ ÅRAKSBØ

Eg faer m.a høyre om eit skulesyste­m, ein skulekvard­ag, ein samfunsmod­ell – og ein fattigdom eg knapt trudde var mogleg å oppdrive i vår tid. I Europa. I det som me eigentleg kan omtale som vårt eige grannelag.

– Tre laerarar he ansvar for 81 elevar i aldersgrup­pa frå 2-10 år. Skulestova er vasslaus – og på tunet stend ein vindskeiv utedass klår til teneste når behovet melder seg. Eg he organisert det slik at det berre er dei ungane som sjølve møter opp på skulen som faer utdelt mat og klede frå hjelpesend­inga vår. På mange måtar vert desse varene brukt som eit lokkemidde­l for å få elevane til å møte opp.

Ei ullbukse frå Åraksbø, og eit par heimestrik­ka raggsokkar frå Bjelland kan såleis vere med på å sikre framtida til ein lutfattig skulegut frå byen Târgu Mures i Romania.

Eit solid skulemålti­d, grov stomp – ost og pylse, betalt av gode vener på Haegeland og ihuga medhjelpar­ar i Valle, kan såleis vere ei viktig, og heilt avgjerande vitamininn sprøyting.

For Romania. For framtida.

 ?? FOTO: ØYSTEIN MOI ??
FOTO: ØYSTEIN MOI
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway