Fædrelandsvennen

Venneslabr­ua skal redda dropout-elevar

Dei siste dagane har det vore fokus på fråvaersgr­ensa i vidaregåan­de skule, som ein følgd av at den andre av tre rapportar frå Fafo og SSB vart lagt fram.

- ARNE JØRGEN LØVLAND, laerar i vidaregåan­de skule

Iden fyrste rapporten var fråvaeret gått ned, men samstundes vart det vist til skilnader i handsaming­a. Den andre rapporten viste at dei som oftare er på skulen, er dei som ikkje får vurdering i eit fag, men dei er i mindretal. Fleirtalet er dei som hadde klart seg uansett. Rapporten spør om ikkje fråvaersgr­ensa då er eit hinder til å finne fram til gode, supplerand­e verkemidde­l.

Dei siste fem-seks åra har det vore skipa ei rekkje tiltak for å hindre fråfallet. Felles for alle er at dei ikkje har betra situasjone­n. Likevel, utan omsyn til anna, har dei alle ein ting felles; eit uhorveleg konsum av pengar. F aedrelands­vennen kunne laurdag 26. januar fortelje om at dei no har sett ljoset i Vennesla. I oppslaget Her skal de ansette folk for å hindre dropout vert vi atter ein gong fortald at det er politikara­r som set i gong tiltaket – og som røynda viser – dei les ikkje historia om alle dei andre som har freista det same utan å lukkast. I Vennesla køyrer dei på utan omsyn til korkje røynsle eller forsking.

Det er ikkje måte på kor flott og godt og hildrande dette nye opplegget skal verte, for i potten ligg 2,9 millionar friske 2019-kroner. Dette er pengar som kjem direkte frå Staten, men det stoggar ikkje der, til saman skal det kome 6,8 millionar kroner. Vi må minnest at det berre for stutt tid sidan vart eit transpolit­isk giftemål mellom dei blå, grøne og gule. Det er difor sannsynleg at nokon har tala saman og har fått nykel inn i sekken hjå finansmini­steren. (Kan det vere ein handel med hestar?)

Det som har styggja meg, er for det fyrste grunngjevi­nga, opplegget og konsekvens­ane. I artikkelen vert dei to riks-lokale politikara­ne frå Kristeleg folkeparti sitert på at dei ynskjer at satsinga – kalla Venneslabr­ua – skal verte ein modell som vert overført til resten av landet. Det ringjer alltid i klokkene når noko av motivasjon­en ligg i framtida – vona om å lage noko andre kan kopiere. S amarbeidet skal skje mellom Nav, Uia, Vennesla vidaregåan­de skule, Vest-agder fylke og Vennesla kommune. Det skal vere fire til fem tilsette i eigne lokalar, og dei skal heim til dei som ikkje møter på skulen, skape ein relasjon, få ungdomane ned til sine lokale der dei skal treffe andre ungdomar – og så skal dei skape eit miljø kor dei vert motiverte til å føre vidare utdannings­løpet.

Det er sjølvsagt viktig at vi tek vare på dei som fell frå – men dette er ikkje måten å endre fråfallet på – problemet ligg mange år tidlegare i skuleløpet!

Når det gjeld dei som fell ut av vidaregåan­de skule, viser forsking at dei har låge karakterar når dei går ut av grunnskule­n. Realiteten i vidaregåan­de skule er, at det er dei med karakterpo­eng under 35 som dominerer fråfallet. Med andre ord veit vi kor skoen trykkjer, i grunnskule­n. Likevel er det i vidaregåan­de opplaering det eine tiltaket etter det andre vert set inn. E i rekkje undersøkin­gar viser at det finst nokre vesentlege føresetnad­er som må til for at elevar skal lukkast i skulen; dei må få naudsynt kjennskap i alle fag, og det må vere ein god relasjon mellom elev og laerar. Det siste har den nyleg vedtekne Overordnet del, verdier og prinsipper for grunnoppla­eringa teke på alvor og krev at alle laerar skal ha eit slikt positivt samhøve basert på omsut og medkjensle.

Tanken som ligg bak, er at den gode laeraren er entusiast, han elskar jobben sin og lever for faget sitt. Den gode laeraren ser kvar einskild, finn deira styrke og byggjer dei opp. Den gode laeraren oppdagar når noko ikkje fungerer, når elevane har ein dårleg dag, når dei er einsame eller forlatne – det er då den gode laeraren tek samtalen, avdekkjer grunnen og byggjer ein fellesskap på tillit. V i veit at ei jente eller ein gut som ikkje handsamar faget, ikkje vert gjeven nok oppfølging frå starten av, fort trøyttar og fell ut. Vi kan gjeve den eleven så mange single ekstratima­r vi berre vil, men det er å kaste bensin på bålet. Det som skal til, er tett oppfølging frå starten av – og ikkje minst at dei får dette tilbodet inntil dei knekk koden. Dette må byrje i fyrste klasse, kan hende til og med i barnehagen. Her er pedagogane allereie – det var jo dette laerarløft­et skulle take seg av? I

Noreg finst ikring 432 vidaregåan­de skular – og viss alle skal få same mogeleghei­t til å setje i gong draumeslot­tet frå Vennesla, er det ikkje i naerleiken av å vere gratis – det vil koste Noreg 803 millionar kroner fyrste året, og deretter 592 millionar kroner kvart år. I løpet av fem år 3,3 milliardar kroner.

Dei som har fått til dette, skal ha for at dei har fått det til, at det glimar i augo deira der dei ser for seg statuen på torget i Vennesla: Dette er dei som bygde Venneslabr­ua.

Viss du synest det heile høyrest ut som ein draum, så er det mest sannsynleg det, ein to tusen år gamal ein!

Problemet ligg mange år tidlegare i skuleløpet!

 ??  ?? Torhild Bransdal, Hans Fredrik Grøvan og Tove Welle Haugland fikk i forrige uke vite mer om «Venneslabr­ua», et prosjekt de fikk bevilget penger til gjennom statsbudsj­ettet. FOTO: KJETIL NYGAARD
Torhild Bransdal, Hans Fredrik Grøvan og Tove Welle Haugland fikk i forrige uke vite mer om «Venneslabr­ua», et prosjekt de fikk bevilget penger til gjennom statsbudsj­ettet. FOTO: KJETIL NYGAARD

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway