Fædrelandsvennen

Bålkaffe, eimen av oljeblanda bensin – og eit varmande smil

- Øystein Moi Øystein Moi bruker sin lokalkunns­kap fra indre bygder til å la oss lesere bli kjent med mennesker fra denne delen av Agder. Denne uka har Moi møtt skogsarbei­der Jannicke Modell Røhmen TEKST: ØYSTEIN MOI

Det surrar som i ei bikube, midt i fellesferi­en. Eksosen ligg som eit teppe øve dalbotnen. Kaffebålet er framleis varmt. På leirplasse­n finn eg restar av bålsteikt sauekjøt og heimebaka lefser. Det er liv i gamle glør.

Eg har funne vegen til dei djupe skogane, midtvegs mellom Haegeland og Finsland. Fem spreke kvinnfolk er i ferd med å avslutte eit tre dagars kurs i stell og bruk av motorsag. Hogsttekni­kk, kvisting, filing av sagkjede, tryggleik på arbeidspla­ssen – og arbeidsgle­de på blå resept. Eit sjeldant spanande og minnerikt oppdrag for ein omstreifan­de bladfyk.

ALDRI SETT SEG ATTENDE

Eg he avtale med Jannicke Modell Røhmen. Noko så sjeldant som ein kvinneleg skogsarbei­dar. I dag er ho kursleiar. Etter tre strevsame dagar ute i hogstfelte­t kjem elevane hennar fram for å take i mot eit høgthengja­nde kursbevis. Stolte jenter. Tøffe jenter. Sagflis i flettene. Sveitte i panna.

– Bruk nå hovudet minst like mykje som musklane, seier Jannicke medan ho tek avskil med elevflokke­n. Ho veit meir enn dei fleste kor farleg reiskap ei motorsag kan vere dersom ho ikkje vert brukt med vet og forstand.

Jannicke Modell Røhmen er fødd og alen på Byåsen i Trondheim. Alt i tidlege ungdomsår tok ho seg sumarjobb som skogsarbei­der i dei kommunale skogeigedo­mane på heimstaden. Planting, rydding, hogst og ungskogple­ie.

Ungjenta skjønte raskt at det var i skogen ho høyrde heime. Det var her ho trivdes – det var her ho staka ut den vidare kursen på livsvegen. Stø kurs. Etter ei tre-årig utdanning som skogsingen­iør he ho i grunnen aldri sett seg attende. Ho vart verande i skogen.

Det var kjaerleike­n som fekk Jannicke til å slå rot her på våre breiddegra­der. Midtvegs mellom Evje og Arendal finn du ein smal og kronglute veg som fører deg langt inn i fjellheime­n. Inn i øydemarka. Langt unna både kolonialfo­rretning, offentlege skjenkesto­ver, kulturelt snobberi og stressande handlesent­er. 17 km lenger framme kjem du til den vesle grenda Skjeggedal. Åmli kommune. Sju fastbuande sjeler, fire frittgåand­e jakthunder, omlag 70 hjort – og eit mobilnett som er totalt fråverande.

BRUREPAR PÅ KVAR SIN HEST

Jannicke og Lars Johann gifta seg i Tovdal kyrkje. Etter vigselen reid brureparet på kvar sin hest, åtte kilometer øve heia – til Skjeggedal. Resten av brurefyet måtte take seg fram til fots. Under vegs vart det sjølvsagt servert både stuttreist spekemat og heimebrygg­ja øl.

Festmåltid med himmelkvel­ven som tak – og med Vår Herre som gjest. På galleriet. Festmåltid i deira eigen katedral. Vidsyn, høgt under taket, gjestfrido­m - og ekte kjaerleik.

Det er på heimegarde­n til Lars Johann den vesle familien he funne sitt eige paradis. Mor og far – og to flotte jenter som i skrivande stund er sånn omlag midtvegs i puberteten. Livet framføre seg.

Dei he meir enn nok tumleplass. Eigedomen deira strekkjer seg øve eit areal på meir enn 19 000 da. Mykje av desse endelause viddene er i dag tapetsert med velvaksen og hogstmogen skog. Velstelt skog. Verdfullt arvegods for mange generasjon­ar frametter. Her på Skjeggedal he dei fagleg kontroll på det meste av det som skjer i utmarka. Jannicke, skogsingen­iøren, er tilsett som faghjelp i skogbruket – medan Lars Johann er skogbrukss­jef i Iveland og i Evje & Hornnes. Dei er kvarandre sin eigen faglege rådgjevar.

– MEST ALL MI TID I SKOGEN

– Ja det blir mykje tale om skog, om tilvekst, om ballansekv­antum og om tømmerpris­ar, seier Jannicke med eit smil. Eit varmande smil. Ho sjenker seg ein kopp med pisslunka bålkaffe. Ein styrkedrik­k som naerast er obligatori­sk i kosthaldet hjå denne yrkesgrupp­a.

– Eg brukar mest all mi tid i skogen, seier Jannicke og let augo kvi-

le på dei siste restane av kaffebålet. Tankefull. Takksam. Glad i livet. Glad i Lars Johann. Når ho ikkje er ute i teneste for det lokale skogeigarl­aget – eller når ho ikkje er på synfaring hjå ein av skogeigara­ne i Froland, Arendal eller Grimstad, ja då finn du Jannicke Modell Røhmen på jakt i eigen skog. På jakt etter elg, rådyr eller hjort. På jakt etter tiur og rype.

– Ja eg jakter på alt bortsett frå hare, seier Jannicke utan heilt å forklare kvifor.

Nå treng ho likevel ikkje gå så himla langt for å finne seg ein høveleg hjort. På tunet he familien 70 avlsdyr gåande på beite. Hjort som etter kvart produserer det beste kjøtet du berre kan tenkje deg. Kortreist, velsmakand­e. Kjemisk fritt for både eksos, illeluktan­de klimagass og urbant genmateria­le. Etterspurd vare hjå dei mest eksklusive matstovene naerare kysten. I hovudstade­n medrekna.

– Eg vil truleg ikkje få eit ettermaele som korkje meisterkok­k eller den perfekte husmora – men du verden kor gildt det er når eg kan eksperimen­tere med ulike smakar, ulike matrettar, med utgangspun­kt i dei råvarene eg finn her på garden. Både kjøt og plantemate­riale.

Det vert ei eiga stemning når gode vener tek bordsete i bestestova og faer servert eit heimelaga festmåltid. Raudt kjøt og grøn salat frå Skjeggedal. Tytebaer, graslauk og kantarell.

– Ja, sjølvsagt faer eg mange kommentara­r for namnet mitt. Det er vel ikkje heilt vanleg å heite Modell. Saerleg i oppveksten fekk eg mange kallenamn. Eg har sjølvsagt vorte omtala som både modellfly, modellbåt – og modell.

Jannicke ler hjarteleg. Ho ler mykje. Ei saers triveleg jente å vere i lag med. Ei jente som vert teken godt imot når ho reiser rundt til skogeigara­ne i røystekrin­sen for å hjelpe til med driftsplan­leggjing, økonomiske spursmål – eller kan hende med praktiske gjeremål i skogen.

Du køddar ikkje med Jannicke. Fagleg sterk. Trygg på seg sjølve – glimt i augo. Ho handsamer motorsaga, traktoren, Iglandsvin­sjen, slaktekniv­en og jaktrifla betre enn dei fleste mannfolk. Ein ekte skogsarbei­dar. Ikkje berre Modell. Ein god rollemodel­l.

 ??  ??
 ??  ??
 ??  ??
 ?? FOTO: ØYSTEIN MOI ?? Fem spreke kvinnfolk er i ferd med å avslutte eit tre dagars kurs i stell og bruk av motorsag hos Jannicke. Hogsttekni­kk, kvisting, filing av sagkjede, tryggleik på arbeidspla­ssen – og arbeidsgle­de på blå resept. Framme f.v.: Anna Karoline Stallemo, Reidun Svaland, Inger Liv R. Thoresen. Bak f.v.: Marit Robstad Wehus, Jannicke Modell Røhmen, Renate Birkeland.
FOTO: ØYSTEIN MOI Fem spreke kvinnfolk er i ferd med å avslutte eit tre dagars kurs i stell og bruk av motorsag hos Jannicke. Hogsttekni­kk, kvisting, filing av sagkjede, tryggleik på arbeidspla­ssen – og arbeidsgle­de på blå resept. Framme f.v.: Anna Karoline Stallemo, Reidun Svaland, Inger Liv R. Thoresen. Bak f.v.: Marit Robstad Wehus, Jannicke Modell Røhmen, Renate Birkeland.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway