Fædrelandsvennen

7,7 milliardar kroner i minus

- ALF HOLMELID

Nye Veier har presentert ny E 39 frå Vige til Ålgård i ei rekke oppslag i media, og det manglar ikkje på positiv omtale.

Stor nytte av lønnsam E 39 var overskrift­a på ein kronikk som stod på trykk i Faedreland­svennen 9. januar. Forfattar var adm. dir. Ingrid Dahl Hovland i Nye Veier. Det er grunn til å spørje kva ho meiner med lønnsam. Den vanlege måten å vurdere lønnsemd på er å rekne ut samfunnsny­tte etter anerkjente standardar. Det har Nye Vegar gjort, og resultatet overraskar.

I kronikken frå Nye Vegar blir det lista opp ei rekke fordelar ved prosjektet. Det skal bli kortare reisetid og større toppfart, og vi skal få ein større bu- og arbeidsmar­knad. Men vi får mindre informasjo­n om dei meir problemati­ske sidene. Kronikken seier lite om naturinngr­ep, og den seier ingen ting om at prosjektet vil flytte transport frå bane til veg. Den seier heller ikkje noko om omfanget av bompengar. Det er som forventa, men det som overraskar, er omtalen av samfunnsny­tte.

Hovland skriv ein heil del om samfunnsøk­onomisk lønnsemd. Vi får vite at selskapet prioritere­r etter samfunnsny­tte, og at kortare reisetid er eit viktig element i analysen. Men kronikken inneheldt ikkje eit einaste ord om kor stor samfunnsny­tte prosjektet har. Etter mykje strev klarte eg å få ut tala frå Nye Vegar, og dei stemte ikkje heilt med påstanden om lønnsam E 39. Det totale prosjektet frå Vige til Ålgård har ein negativ samfunnsny­tte på 7,7 milliardar kroner.

Det er forståeleg at Nye Veier har behov for å skryte av arbeidet sitt og glede politikara­ne som skaffar dei pengar. Men som ein samfunnsin­stitusjon bør selskapet kjenne eit ansvar for å få fram heile biletet slik at politikara­ne har eit breitt grunnlag for sine vurderinga­r. Det er også overraskan­de at Faedreland­svennen som har skrive mykje om E 39, ikkje har etterspurt desse talla.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway