Fædrelandsvennen

SV krev veto mot jernbanepa­kke 4

- ALF HOLMELID, fagleg leiar i Agder SV PAUL MAGNUS GAMLEMSHAU­G, leiar i Eu/eøs-utvalet i Agder SV

Go Ahead som fekk driftsansv­aret for Sørlandsba­nen etter ei anbodsrund­e, er det jernbanese­lskapet som har hatt dei mest misnøgde passasjera­ne i Storbritan­nia.

Dersom dei driftar Sørlandsba­nen og Arendalsba­nen like dårleg, så vil det utan tvil bli nødvendig å gjere om på dette i framtida. Då må eit nytt stortingsf­leirtal kunne tilbakefør­e drifta av Sørlandsba­nen og Arendalsba­nen til det offentlege.

Men dersom stortinget går inn for Jernbanepa­kke 4, gir Stortinget i frå seg retten til å reversere denne privatiser­inga, med mindre vi meldt oss ut av EØS. Med Jernbanepa­kke 4 tvingar EU all jernbanedr­ift ut på anbod og over i privat drift. Private aktørar ønsker jo i første rekke å tene pengar, og legg derfor stort press på kostnadsku­tt og vil i tillegg auke prisane.

EU reviderer no lokførardi­rektivet, og med reduserte krav til opplaering for lokførarar og anna personale så blir det dårlegare sikkerheit. I tillegg blir det lagt opp til harmoniser­ing av alt regelverk, og Eu-organet ERA (European Union Railway Agency) vil få ansvaret for å godkjenne alt togmaterie­ll for bruk i alle EU og Eøs-land, også i Norge.

Etter Jernbanepa­kke 4 blir det naerast umogleg å ha strengare krav til sikkerheit og kvalitet enn det som gjeld i resten av EU/EØS. ERA vil neppe ta nok omsyn til det langstrakt­e Norge sin krevande geografi og sitt hardføre klima, når krav om fri konkurrans­e står i motstrid til saerskilte norske krav.

Agder SV meiner at stortingsf­leirtalet både kan og må seie nei til Jernbanepa­kke 4 og bruke vetoretten i Eøs-avtalen, slik ein samrøystes Lo-kongress i 2017 gjekk inn for. Vi står saman med ei samla fagrørsle i Norge i dette kravet!

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway