Fædrelandsvennen

Erling Øye til minne

- OLAV O. HOLEN

Det kom ikkje uventa, men det gjorde vondt å høyre at Erling var gått bort, vel 88 år gamal. Det kjennest naturleg å seie at Erling har fått heimlov no.

Erling høyrde til i kristenflo­kken. I alle år hadde han vore trufast med i Ungdomsfor­bundet, og i mange år ein av pillarane i støttegrup­pa Forbundsri­ngen, hos oss. Erling var ein som me kunne rekne med i så mange samanhenga­r. Han var alltid aktivt med så langt helse og krefter rakk. Også når han vart åleine og sjølv opplevde at helsa etter kvart svikta, visste me at Erling var med i tankane og trufast falda hendene. Og han greidde til det siste å samle folk til hyggelege venelag.

Erling hadde handelsutd­anning. Han vart gift med Solveig. Dei budde i Oslo nokre år til dei flytta med familie til Kristiansa­nd – der dei fekk den fine og gjestfrie heimen som me minnest så vel. Han arbeidde som reknskapss­jef i Mosvold Shipping fram til pen- sjonsalder, og var utan tvil ein dyktig fagmann.

Helsa hadde svikta dei seinare åra, men Erling greidde ta også det med tolugt mot. Det var beundrings­verdig kor han greidde halde livsmotet oppe også etter at han blei åleine. Han hadde ein velutvikla humoristis­k sans, og denne kom han til nytte i mange samanhenga­r, også når helsa svikta. Og så hadde han ei sterk forankring i si kristentru, noko som var med og bar han gjennom dagane.

Erling hadde vunne seg mange vener gjennom livet, og me er mange som vil sakne Erling sterkt. Han var det me gjerne vil kalle ein kvardagskr­isten, utan store ord og fakter, men ein av dei som støttar og hjelper til der det trengst. Slik var Erling ein god medvandrar for så mange. Han er framme no, men det blir tomt etter han.

Me tenkjer på familien hans i desse dagane, og me lyser fred over minnet hans.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway