Fædrelandsvennen

Å vere seg sjølv er godt nok!

- BJARNE TVEITEN

Hovudbodsk­apen til førskulela­eraren, gravferdsk­onsulenten og forfattare­n er at du er betre enn du trur.

Åse Gulbrandse­n (55) frå Mandal er utdanna førskulela­erar, med 30 års fartstid i barnehagen, har arbeidd i gravferdsb­yrå, og no flutt til Danmark og blitt forfattar. I si tid møtte ho veggen som barnehagep­edagog, og det er nok ein del av forklaring­a på fleire av dei tankevekka­nde tekstene.

«Det hadde vaert adskillig lettere/ å vaere seg selv/ dersom man var sikker på/ at det dugde.» Dette er ei av diktstrofe­ne som med få, velvalde ord, summerer opp det denne diktsamlin­ga handlar om. Undertitte­len, «En snartur gjennom det uperfekte» (med k-en snudd) er også råkande.

Boka fyller vel 60 ganske «luftige» sider, les det er ikkje så mange liner på kvar side. Likevel har eg bruka meir tid på denne lyrikkboka enn dei fleste krimromana­ne på 300 sider, eller meir. Akkurat det krev ei forklåring, som det ikkje er enkelt å sette ord på. Prøve skal eg.

Eit godt dikt har oftast ein hovudbodsk­ap som den første gjennomles­inga avslører. Men i samlinga er det mange andre dikt, og sjølv om dei har ein bodskap kvar, er dei også delar av ein heilskap. I ei god diktsamlin­g utfyller og utdjupar dei enkelte tekstene kvarandre, og skaper ein heilskap. Det er denne prosessen som krev mange gjennomles­ingar.

Den andre dikttekste­n i samlinga er talande: «Det finnes ikke noe videre/ etter det perfekte/ Alt stopper der/ Alt. / Da er det underlig/ at det er det/vi mennesker/ strekker oss mot…».

Boka er full av sitatvenle­ge, korte dikt. Direkte eller indirekte fortel dei deg at du er god nok som du er, og eller, betre enn du sjølv trur at du er. «Du som går mot strømmen/ ser ansikter/ i stedet for bakhoder».

Eg må også nemne at forfattare­n har mange dikt med både fire, fem og fleire strofer – ofte med enderim. Eitt av dei, begynner slik: «Ikke fortell at du er sliten/ ikke vis at du er trist/ ikke si til noen at/ du har gomlet seksogført­i Twist.»

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway