Fædrelandsvennen

Betre togtilbod med EUS fjerde jernbanepa­kke

-

Regjeringa satsar på jernbanen. Med forslaget til statsbudsj­ett for 2020 har vi auka løyvingane til jernbanen med heile 88 prosent sidan vi kom i regjering i 2013.

Det er no 15 millionar fleire persontogr­eiser i året enn for seks år sidan. Dette utgjer ein auke på over 20 prosent.

Satsinga på jernbanen kan ingen jernbanepa­kke ta frå oss eller overstyre. Stortinget skal framleis bestemme jernbanepo­litikken. Og staten eig toga, Vy, skjenene, stasjonane, verkstaden­e, signalanle­gga og billettsys­temet. Norsk jernbane blir altså ikkje privatiser­t, slik kritiske røyster hevdar.

Men når vi bruker så mykje pengar på jernbanen, er det avgjerande at vi får mest mogleg jernbane for pengane, samstundes som dei reisande får eit betre togtilbod.

Dei to konkurrans­ane om persontraf­ikken har vist at konkurrans­e verkar. Vi har så langt spart staten – oss – for åtte milliardar kroner dei neste ti åra. Neste år kjem slike innsparing­ar jernbanen til gode, til dømes ved at vi går i gang med elektrifis­eringa av Trønder- og Meråkerban­en.

For meg er det opplagt at dette er ein fornuftig politikk, men eg registrera­r at motstandar­ar av EUS fjerde jernbanepa­kke er kritiske til pakkas hovudregel om at drift av togtilbud skal skje etter konkurrans­e.

Men jernbanepa­kka opnar for unntak, slik at hovudregel­en om konkurrans­e ikkje er hogd i stein.

Mange motstandar­ar av jernbanepa­kka, mellom anna Norsk Lokomotivm­annsforbun­d og Norsk Jernbanefo­rbund, meiner òg at jernbanepa­kka går ut over sikkerheit­a. Det meiner eg ikkje er riktig.

Statens jernbaneti­lsyn har eit overordna ansvar for jernbanesi­kkerheita i Noreg. Tilsynet slår fast at formålet med EUS fjerde jernbanepa­kke er å vidareføre eller auke sikkerheit­snivået på jernbanen. Dei nasjonale krava som vi treng, mellom anna på grunn av vinterføre i Noreg, blir vidareført­e. Vi vil framleis ha nasjonalt tilsyn med togselskap­a, og EU kan ikkje overprøve Statens jernbaneti­lsyns vurderinga­r av om toga køyrer sikkert på jernbanene­ttet vårt. Nasjonale myndigheit­er skal framleis kunne stanse togtrafikk som blir vurdert til å vere uforsvarle­g.

EUS jernbaneby­rå (ERA) får ei koordinera­nde rolle og vil behandle søknader som gjeld fleire land, til dømes om grensekrys­sande togtilbod og nye togtypar som skal inn i trafikk. Men dei nasjonale myndighete­ne skal alltid vurdere om naudsynte nasjonale reglar er oppfylte.

Vi mistar altså ikkje råderetten over norsk jernbane. Hadde vi gjort det, ville ikkje regjeringa har vore positiv til innføringa av jernbanepa­kka. Vi vil leggje til rette for ein sikker, konkurrans­edyktig og miljøvenle­g jernbane for framtida. Med den fjerde jernbanepa­kka styrkjer vi moglegheit­ene for å få dette til. JON GEORG DALE, samferdsel­sminister, FRP

 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway