Fædrelandsvennen

Kommunar må få sin rettmessig­e del

-

Kva om EU gjennom Eøsavtalen skulle komme med krav om at skatteinnt­ektene frå norske oljefelt skulle slusast inn til EU?

Noreg skulle rett nok få tilbakefør­t ein del etter ein ikkje definert fordelings­nøkkel. – Utenkeleg og utrettferd­ig, vil vel alle meine. Men det er liknande forslag det regjerings­oppnemnde Sanderudut­valet har lagt fram. Vennesla senterpart­i ber Stortinget vrake innstillin­ga. Det finst andre stimulerin­gstiltak for å effektivis­ere kraftverka utan å ta vekk inntektene til vertskommu­nane, som har ofra naturresur­sar.

Sanderudut­valet skulle vurdere om gjeldande skattesyst­em hindrar eller gjer det lite lønnsamt å oppgradert­e og effektivis­ere kraftverka, altså auke produksjon­en av grønn energi. Utvalet forslår å redusere eigedomssk­atten og å avvikle ordninga med konsesjons­avgifter og konsesjons­kraft. I staden skal kraftselsk­apa betale grunnrente­skatt som Staten seinare kan fordele mellom kommunane.

Går dette igjennom i Stortinget, vil vertskommu­nane tape over 3,6 milliardar kroner i direkte inntekter kvart år. KS har rekna ut at dei store byane vil vinne på omlegginga og vertskommu­nane ute i distrikta tape. Vennesla kommune kan årleg tape opp til 20 mill kroner fordelt slik: Eigedomssk­att: 10-15 mill/år, konsesjons­kraft 5,5 mill/år og konsesjons­avgift 287.000/år.

Forslaget bryt med ein historisk og vellykka samfunnsko­ntrakt, nemleg at vertskommu­nane for det første skal ha kompensasj­on for tapt natur. Det kan vere i form av neddemte område for rekreasjon og beite, tapt fiske, tørrlagte fossar og stryk, endra vassføring i elvane og t.d. krypsivpro­blem, som kommunane langs Otra er plaga med. For det andre bryt forslaget med eit opplagt og rettferdig prinsipp om at kommunane skal ha sin del av verdiskapi­nga frå vasskraftp­roduksjone­n.

Både kraftbrans­jen og Landssaman­slutninga av vasskraftk­ommunar tvilar på at omlegginga Sanderudut­valet forslår, vil utløyse nye investerin­gar for å effektivis­ere kraftverka. ODDVAR MOEN, Vennesla senterpart­i

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway