Fædrelandsvennen

Stå på, Stålsett!

Det er trist å måtte konstatere at det faktisk må ein pensjonert biskop til for verkeleg å sette situasjone­n til såkalla ureturnerb­are asylskarar på det politiske kartet.

-

● For meg er det ikkje til å forstå at fleirtalet på Stortinget har vedteke – så vidt eg har registrert – med stort fleirtal, å inkludere i utlendings­lova at menneske som ikkje kan returneras­t skal nektast å arbeide i Noreg.

Og at dei som tilset slike skal straffefor­følgjast. Nei, eg synst ikkje det minste synd på Gunnar Stålsett.

Han har vist, ikkje berre at han har moralsk gangsyn, men at han også er ein ressursste­rk mann med ryggrad og at han har eit samvit som ropar varsko – også når han han går på tvers av det Stortinget har vedteke.

Men ja, Stortinget er den lovgjevand­e (og for den saks skuld, også løyvande) statsmakta.

Det har hendt tidlegare at lovgjevar har vore på ville vegar – her skal eg berre nemne Hans Nielsen Hauge og avsettinga av Kong Haakon i krigstida. Det burde ikkje vere slik at det ofte må til at ein person med eit namn – kall det gjerne kjendissta­tus og biskopbakg­runn – for å skape skikkeleg debatt omkring uakseptabe­l framferd mot nokre av dei mest hjelpelaus­e i samfunnet vårt.

Eg berre konstatere­r at det er slik.

Eg har lenge tenkt å skrive det som er essensen i dette innlegget, men har tagt fordi eit lite pip frå ein pensjonert laerar neppe ville gjere noko frå eller til.

Men, kanskje mitt vesle pip kan få fleire til å innsjå at samfunnet vårt er på kollisjons­kurs med både våre humanistis­ke og kristne grunnverdi­ar. BJARNE TVEITEN

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway