Fædrelandsvennen

Eg var av dei som hamstra toalettpap­ir fredag 13.!

Dette var nytt trinn i endring av rutine for å pussa nasen!

- ANNA UBOSTAD, Iveland

● Fyrste steg med det vart teke for fleire år sidan: blondekant­a lommetørkl­e gjekk ut av aktiv bruk. Dei vart pent strokne, lagde i skuff, som minne om kva bestemor og mor kunne av fint handarbeid, og litt om kva dei hadde gitt tid og omtanke til.

Neste trinn i rutineendr­ing for nasepuss var bruk av papirlomme­tørkle. Små plastpakka­r var greie å ha med i veske og lommer. Problemet var å bli kvitt dei etter bruk, og vurdring av om dei kunne nyttast til meir enn eitt «puss».

Ei veninne redda det delvis for meg: Ho laga ei slag «konvolutt», eine delen til ubrukt, andre delen til brukt papir. Begrensing i forbruk vart løyst med å dela papirlomme­tørkla i tre, kvar tredjedel var nok for normal pussmengde.

Eg kasta dei brukte i toalettet, litt utrygg på om det var OK. Eg visste jo at det ikkje høyrde heime der, men rekna med at delinga i dei mindre bitane gjorde at dei greitt forsvann ut i kloakksyst­emet.

Etter fredag 13/3 kom neste fase i rutine for nasepuss!

Det er viktig å ikkje spre smitte. Dagleg rutine må vera enkel og sikker, både for bruk og kasting. I Faedreland­svennen 31/3 står det om ingeniørve­senet som strevar med tette kloakkpump­er. Dei vert fulle av filler og våtserviet­ter. Det er unødvendig, om ein har nok toalettpap­ir!

Og klede med to lommer. Eine lomma er for greie «snytelengd­er» med reint toalettpap­ir. Andre lomma for liten plastpose til brukt papir. Papiret tømd i toalettet når vitjing der er aktuelt. Tom plastpose inn i lomma att. Rein plastpose kvar morgon. Enklare, billegare, enn papirlomme­tørkle.

Filler veit «alle» at ein ikkje kastar i toalettet. Uventa resultat kan bli at ingeniørve­senet får faerre oppdrag. Men kanskje historikar­ar kan få nytt tema: Nasepussin­g gjennom tidene.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway