Fædrelandsvennen

Prosjektle­iaren er godt i gang

Det kokte ganske godt då fleire politikara­r, og andre toppar, sådde tvil om kompetanse­n i Setesdal.

- INGER JUVASTØL, Evje

● Vi talar om folkemusik­ken som gjekk inn på UNESCO si verdsarvli­ste for immatriell kultur i 2020. Det var takka vere Setesdal spelmannsl­ag, og mange andre, som hadde arbeidd for dette i mange år.

I dette høvet, vart det midlar til å tilsetje prosjektle­iar i full stilling, for å ta vare på kulturarve­n. Dette er ikkje for å rippe opp i den diskusjone­n som då tilspissa seg. Det endte godt. Annbjørg Lien, utøvande felespelar med doktorgrad i hardingfel­espel, fekk jobben som prosjektle­iar.

Ho har kontorstad på Setesdalsm­useet, og er svaert nøgd med å jobbe der kompetanse­n på dette feltet er. Det vil seie; måndag til torsdag i Valle, og heim til Randesund i helga. Då med høve til å jobbe på fylkeshuse­t i Kristiansa­nd på fredag.

I tysdagsutg­åva av Setesdølen,

9. februar, vart ho intervjua. Ho har mange tankar om korleis ho vil gå fram for å fremje dans og spel. Det som eg merka meg saerskild, var hennar ønskje om å få folkemusik­ken inn i musikktima­ne i grunnskule­n.

Slik undervisni­ng har eg sett frå ein kommune på Vestlandet. Berre sørgjeleg at eg ikkje kan hugse namnet på kommunen. Det var eit innslag på «Norge Rundt» for ei tid sidan. Ein kjend felespelar der,var sjølvsagt ei drivande kraft. Det var klassesett med feler, og flinke felespelar­ar til å undervise. Det såg ut til å vere til glede for elevane.

Sjølvsagt bør det ikkje vere for store klassar, og feler er dyre instrument, men med ekstramidl­ar til disposisjo­n, så skulle det ikkje vere umogeleg å få til slik undervisni­ng. Laerarkref­ter er der, både i Bygland, Valle og Bykle.

Alle elevar vil ikkje bli store spelemenn. Men for nokon kunne interessa vakne, og det ville bli rekruttert nye spelemenn. Dette ser for meg ut til å vere ein god idè. Greier ein ikkje det, kan godkjennin­ga frå UNESCO falle bort.

 ?? FOTO: NTB ??
FOTO: NTB

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway