Fædrelandsvennen

Sp vill-leier om laksefiske

Eivind Drivenes frå Senterpart­iet seier i Faedreland­svennen 14. juli at eg nå er i ferd med å ta livet av kystfiskef­låten på Sørlandet, og at eg overprøver Stortinget.

-

● Det han ikkje seier, er at Senterpart­iet i det store og heile er samd i dei innstrammi­ngane som regjeringa har satt i verk.

Fremskritt­spartiet fremma forslag om at Stortinget skulle be regjeringa stoppe innstrammi­ngane i sjølaksefi­sket og føre vidare regulering­a av sjølaksefi­sket i 2021 etter same regelverk som i 2020. Det var berre Fremskritt­spartiet som stemde for dette forslaget, Senterpart­iet gjekk mot.

Det er gode grunnar til at et nesten einstemmig Storting støtter innstrammi­ngane. Hovudprins­ippet for norsk villaksfor­valting er at det ikkje skal tillatast fiske på bestandar som ikkje har eit dokumenter­t haustbart overskot. Sjølaksefi­sket er eit fiske på blanda bestandar. I kystområda vandrar fleire titals bestandar i kvart kystfiskeo­mråde. Mange av desse er bestandar utan haustbart overskot, som høyrer til i vassdrag kor fisket er stengt eller strengt regulert. Dette er bakgrunnen for regulering­ane som er vedtatt.

Regjeringa har følgt opp alle Stortinget sine vedtak på dette området. 25. mai bad Stortinget regjeringa om å tillate krokgarnfi­ske i Finnmark i 2021. Miljødirek­toratet vedtok allereie 1. juni endringar i forskrifta. Endringane tok til å gjelde med ein gong.

Stortinget bad 25. mai også om at regjeringa skal gjere ei ny vurdering av innstrammi­ngane i sjølaksefi­sket og korleis dei vil virke konkret for sjølaksefi­skarane på Sørlandet.

Departemen­tet har ikkje tilstrekke­leg grunnlag for å konkludere med at innstrammi­ngane i sjølaksefi­sket for 2021 vil ramme fiskarane på Sørlandet hardare enn fiskarar i andre landsdelar. Dette krev meir kunnskap. For å følgje opp Stortinget sine vedtak har vi derfor bedt Miljødirek­toratet om å gjere ei vurdering.

Stortinget vedtok også at det skal gjerast lempelege vurderinga­r av søknader om dispensasj­on for fiskarar som mister ein stor del av si inntekt, og som står utan andre moglegheit­er for inntekt. Stortinget sitt vedtak kan ikkje gjennomfør­ast med dagens regelverk. Utgangspun­ktet i dag er at ein berre kan hauste av bestandar som har eit haustbart overskot. Om ein skal opne for dispensasj­onar til å fiske på sårbare bestandar ut frå privatøkon­omiske omsyn, vil det rokke ved heilt grunnlegga­nde prinsipp i naturforva­ltninga. Skal vi gjere det, må vi som eit minimum gjennomfør­e ei grundig utgreiing og høyring. Truleg må vi òg endre naturmangf­aldlova. Departemen­tet har ikkje nødvendige heimlar i regelverke­t til å gi slike dispensasj­onar per i dag, og det er såleis ikkje mogleg å gjennomfør­e i inneverand­e fiskeseson­g.

I tillegg bad Stortinget regjeringa gjennomfør­e ei evaluering av status for små og sårbare bestandar av villaks og at Stortinget får ei orienterin­g på passande vis etter sesongen 2021. Miljødirek­toratet har fått i oppdrag å følgje opp også dette vedtaket.

Eg har altså følgt opp alle Stortinget­s vedtak, men alle tiltak kan ikkje gjennomfør­ast like raskt, heller ikkje om Senterpart­iet skulle styre. SVEINUNG ROTEVATN (V), klima- og miljøminis­ter

 ?? FOTO: NTB ??
FOTO: NTB

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway