Fædrelandsvennen

Søgne og Finsland

-

● «Søgnes beliggenhe­t i naerheten av en så relativt stor by som Kristiansa­nd har også, saerlig i de siste halvhundre år satt sitt preg på bygdas struktur. Ikke alene har fiske- og landbruksp­rodukter funnet et lett tilgjengel­ig avsetnings­marked. Men en stadig økende prosentdel av befolkning­en finner nå sitt erverv i byen som ikke ligger lenger unna enn en halv times bussreise unna.

Av større betydning for Søgne er kanskje at dets beliggenhe­t har gjort det til en naturlig plass for opprettels­e av mindre, men solide bedrifter med tilknytnin­g til Kr.sands industri. Etter som årene går og veinettet utvikles må en vel gå ut fra at Søgne i stigende grad kommer til å tjene som forstadsst­røk til Kristiansa­nd».

Dette skreiv Steen Benneche om Søgne i boka om Vest-agder fylke frå 1950. Søgne kommune leigde den beste skribenten, Steen Benneche frå Kristiansa­nd, til å skrive om Søgne.

I 1949 budde det 3120 personar i bygda. Dei hadde 266 hestar, 1095 kyr, 382 sauer, 1 geit, 102 svin, 7659 høns og 106 pelsdyr. Bygda var delt opp i 567 gardsbruk og hadde 60.000 dekar med produktiv skog. Der var meieri, 22 små og store sagbruk og to fabrikkar som laga morgonsko. 105 personar var tenarar og 82 levde av leigearbei­d i jord og skogbruk.

Søgne hadde eit variert arbeidsliv. Med tillegg av Brunvatne krets, 44 personar, i Øyslebø og Stubstad med ni personar, i Holum, vart Søgne frå 1965 vurdert som stor nok til å klare seg sjølv. Ingen annan kommune i Vest-agder fekk då mindre endringar av grensene sine og folketal enn Søgne.

I Vest-agder budde det i 1946 93.326 menneske. Der var 41 ulike kommunar (i dag 10). I 1950 står følgjande tal: ca 40 traktorar, 4600 hestar, 43.000 storfe, 42.400 sauer, 1300 geiter, 4000 svin, 86.000 vaksne høns, 14.000 sølvrevar og 3000 bikubar. Fylket hadde 12.234 gardsbruk, 12 meieri og 32 sparebanka­r.

Finsland kommune er blitt mest borte. I 1947 budde det 913 personar i bygda. Det var 481 skatteytar­ar. Bygda var delt inn i 184 gardsbruk. Dei hadde 157 hestar, 679 kyr, 286 kalvar og uksar, 201 sauer, 1704 fjørfe (mesteparte­n var kvite italienara­r), 117 grisar, av desse 14 alsgriser. Der var 50 små sagbruk og 56.000 dekar med produktiv skog. Ein dobla verdien av tømmeret når ein skar det til tønnestav eller bord og plank. Det var installert ca 1700 lyspaerer og 90 heimar hadde elektrisk komfyr. Der var fem landhandla­r. Folk flest i bygda levde av jord- og skogbruk. Snikarar frå bygda var ettertrakt­a av byggmeistr­ar i Kristiansa­nd. For å sikre seg denne arbeidskra­fta, leigde ein av dei ein ekstra buss som gjekk kvar morgon til og kveld frå Kristiansa­nd med snikarar.

Finsland vart frå 1965 slege saman med Greipstad. Kommunen fekk namnet Songdalen etter elva som renn gjennom bygda.

Søgne, Songdalen og Kristiansa­nd vart frå 2020 ein kommune med namnet Kristiansa­nd. Finsland vil aldri i framtida bli eigen kommune. Krefter i Søgne vil ha att bygda som eigen kommune. La oss avslutte med Benneche og slik han såg på framtida til Søgne i 1950. «Når bilene mer og mer blir allemannse­ie må en gå ut fra at herredet i stor utstreknin­g vil gå over til å bli bolig og forstadsst­røk for Kristiansa­nd, men allikevel ikke mer enn at det alltid vil beholde sitt preg av en hyggelig og vennlig kystbygd.» LEIV TORSTVEIT

 ?? FOTO: TORMOD FLEM VEGGE ??
FOTO: TORMOD FLEM VEGGE

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway