Fædrelandsvennen

Jernbane i Noreg

Det er ikkje godt å vite kvar det gjekk galt, men det med jernbane kan vi ikkje få til.

- FOTO: JACOB J. BUCHARD INGER JUVASTØL, Evje

Vi har ikkje fått det til sidan Bergensban­en vart åpna i 1909. Det var dristig satsing, både av politikara­r og av ingeniørar. Eit heilt statsbudsj­ett vart bruka den gongen.

Men så har det liksom stoppa opp.

Sørlandsba­nen var og eit krafttak. Den vart bygd i fleire etappar, og sluttført av tyskarane under krigen. Men lite er gjort med banen sidan han var ny. Difor slit vi med vedlikehal­d, og der er stadig signalfeil. I tillegg kjem naturtilhø­ve som snø, flaum og ras.

Før hadde vi NSB å forhalde oss til.

Så enkelt er det ikkje lenger. Jernbanedr­ifta er delt opp i fleire selskap. Eit har med sjølve jernbanen å gjere, men togdrifta er lagt ut på anbod, så det er eit engelsk selskap, Go-ahead, som driv trafikk på Sørlandsba­nen.

Så har vi VY som driv trafikk på Austlandet. Akkurat som det skulle hjelpe noko å skifte namn? Merkeleg pengebruk, spør du meg.

Dei som bruker tog, seier det er vanskeleg å bestille billettar, for det er visst eit anna selskap. Er du databrukar, går det an, og det er visst mogeleg, enn så lenge, å bestille pr telefon. Då koster det meir.

Mykje har vore prøvd av jernbane- entusiasta­r og politikara­r, men det har ikkje ført til betring. I mange tiår har dei prøvd å få til ei samankopli­ng mellom Sørlandsba­nen og Vestfoldba­nen. Planane har ligge der i 30 år. Det ville korte reisetida mellom Kristiansa­nd og Oslo med 1 time. Kanskje då tog kunne konkurrere med fly, buss og bil?

Dette fører meg inn på Follobanen. Ei flau historie. Og endå verre; ei dyr historie. Denne hendinga har vel ikkje nåverande regjering skulda for, men dei har fått ho i fanget. Stor ståhei med åpning, og kongen med på første tur.

Så sa det stopp. Og det har stått lenge. Den eine tisdsfrist­en ryk etter den andre. Nå er nok ikkje sluttrekni­nga på 36,7 mrd. lenger… Og ingen veit når Follobanen åpnar att.

Nei, eg må vedgå at jernbanedr­ift i Noreg har eg ikkje tru på.

Når det gjeld Sørlandsba­nen, så meiner eg at det er som å bere havre til ei daud hest.

Det har eg tatt konsekvens­en av. Det blir altfor mange gonger «buss for tog», så dersom eg ei sjeldan gong skal til Oslo, vel eg å gå rett på bussen!

 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway