Framtid i Nord

- Ikke det samme uten

-

På frivilligh­eitas dag 5. desember er det all grunn til å feire alle dei som er engasjerte frivillige, og som bidreg i fritida si. Samfunnet vårt ville rett og slett ikkje vore det same utan dykk!

Kva frivilligh­eita betyr for folk og lokalsamfu­nn, kan best beskrivast ved å tenke seg eit samfunn utan frivillige.

Utan besøksvenn­er i Røde Kors, utan mammaer og pappaer som steiker vaflar og står i kiosken slik at laget kan få reise på cup og utan frivilligs­entralar landet over som sørger for gode og inkluderan­de møteplassa­r. Noreg hadde ikkje vore det same Noreg slik vi kjenner det.

Frivilligh­eita i Noreg kan reknast til 142 000 årsverk. 58 prosent av oss i Noreg deltek som frivillige. Det seier noko om alle dei små og store fellesskap­a som blir rigga i alle delar av landet.

Arbeidarpa­rtiet har sørga for full momskompen­sasjon, det viktigaste kravet frå frivilligh­eita, frå dag éin i regjering. Fordi også fellesskap­et må delta dugnaden for frivilligh­eita.

Med romslegare økonomiske rammer kjenner vi oss trygge på at organisasj­onane og frivilligh­eita innfrir, både når det gjeld rekrutteri­ng og inkluderin­g.

På spørsmålet om korleis vi sikrar formålet og eigenarten til organisasj­onane lokalt, må svaret vere gjennom samarbeid. Rimeleg, eller gratis tilgang på

i lokale og areal, vil vere eit av dei viktigaste lokale bidraga.

På frivilligh­eitas dag er det all grunn til å feire alle dei som er engasjerte frivillige, og som bidreg i fritida si. Samfunnet vårt ville rett og slett ikkje vore det same utan dykk.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway