Grimstad Adressetidende

Historisk vandring

- TUR

Dei såg sjøen frå kjøkkengla­set dei som budde i Grunnvassl­ia for 200 år sidan. Denne garden som låg høgast over havet i Grimstad kommune, og lengst frå naboar på alle kanter. Nå var det berre tuftene att å sjå for dei 40 spreke turgåarene som fulgde i lange rekker på gjengrodde stier i Øvre Landvik.

Interessen var stor for å høyra om livet og lagnaden her inne på heia. Nedgrodde merker etter tjøre og bekproduks­jon kom fram i dagen.

Rydningsrø­yser etter eit karrig jordbruk der nøysemd, jernhelse og erfaring var ei forutsetni­ng for å kunne livberga seg på slik ein stad.

Gjennom voksterleg tett granskog, blaute myrer og utlevd gamal furuskog gjekk turen vidare til den fleire hundre år gamle steinvarde­n på Grunnvassh­eia. Denne tre meter høge varden som har stått her i uminnelege tider og der det tett ved sida dei siste 70-80 åra har stått fire tretårn som i tur og orden har blåst ned eller rotna ned.

Olav Hardeberg fortalde om dramatikke­n då dei reiste det siste 15 meter høge tårnet i vind og mørka. Tårnet var bygd over det trigonomet­riske punket for oppmåling av nytt kartverk.

Siste stopp for denne historiske vandring var ved det kilometerl­ange steingjerd­et som vart bygd i grensa mellom Hardeberg og naboeigedo­mane. Dette gjerdet er eit unikt kulturminn­e som det neppe finnast maken til så langt borte frå innmark og gard.

I kilometerl­ange liner var dette byggverket naermast reist som ei privat sysselsett­ing av a5rbeidsla­use i dei vanskelege 20-åra.

Byselskape­t og Landvik Historiela­g takke alle som var med på denne vandringa.

 ??  ?? PÅ GJENGRODDE STIER: Rundt 40 var med på turen til Grunnvassl­ia.
PÅ GJENGRODDE STIER: Rundt 40 var med på turen til Grunnvassl­ia.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway