Grimstad Adressetidende

Diktarkvel­d i Grimstad rådhus

-

b ONSDAG 27. september. Forfattar Magnhild Bruheim fortel om onkelen sin, Jan Magnus Bruheim, og les frå hans dikt og tekstar. Bruheim var ein forfattar som ofte makta å skriva enkelt om vanskelege tema. Mange opplever varmen i tekstane hans. Livskrefte­ne er gjerne dei sterkaste.

Bruheim var ikkje den som ropa høgast eller tok mest plass, men såg meir og djupare enn mange. Han hadde eit levande språk i alt han skreiv, og ein rytme og indre melodi som opnar tekstar i sorg som glede, sakn, lukke, død og liv… Til saman gav han ut 45 bøker. Jan-Magnus Bruheims skrifter er omsett til 29 språk.

Annonse i dagens avis.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway